Lokal | 04. apr. 2014

Tatt i 138 km/t - i 50-sona!

– Det er det grovaste eg har vore med på, seier Trude Lande frå UP om fartssyndaren på Hatvikvegen fredag kveld.

Tatt i 138 km/t - i 50-sona!
Politibetjent Trude Lande, her med laseren i Os sentrum tidlegare i vinter. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 04. apr. 2014 19:58

Fredag i 20.40 blei ein mann i starten på 20-åra målt i 138 km/t i 50-sona på Hatvikvegen.

– Eg såg to styla sportsbilar koma ut frå Hegglandsdalsvegen, éin kjørte mot Os og éin mot Hatvik.

– Så høyrde eg ein motor som akselererte så motoren hylte. Det var vanskeleg å sjå om det var bilen mot Os eller den som kom rett imot meg som kjørte fort.

– Men så tok eg ei måling og då eg såg resultatet tenkte eg «Holy Moses!», fortel politibetjent Trude Lande i UP.

Ny rekord

– Den høgaste farten eg frå før har målt under trafikkontroll er 140 km/t, men det var i 80-sona.

– 88 km/t over fartsgrensa, som denne i kveld, på ein veg utan fortau, er det verste eg har vore med på.

– Eg tviler på at det var det å rekka ei ferje det var snakk om. Dette var typisk ungdomsbil med styling og ein kompis i passasjersetet.

Dette er også ein av dei største, om ikkje den aller største, fartssyndaren som nokosinne er tatt i Os.

Det ventar nok både fleire veker fengselssoning og mange månadar utan førarkort for den unge mannen.

Passerte 8 prikkar

Det blei til saman ni reaksjonar på Hatvikvegen frå klokka 19.30 til 21.

Høgaste farten, utanom raketten frå Dalen, var ein bilist målt i 72 km/t.

Vedkomande hadde seks prikkar frå før, og med tre nye blei det beslag.

Fin kjøring - men 19 forenkla forelegg

Før kontrollen på Hatvikvegen sto UP på Halhjem.

– Det var mykje fin kjøring, seier Lande, som likevel delte ut 19 forenkla forelegg på 1,5 time.

Høgaste fart var 68 km/t i 50-sona ned mot kaien.

Stoppa ikkje for fotgjengar

Tidlegare fredag sto UP i Os sentrum i nokre minutt, før dei måtte på oppdrag på Halhjem og heldt fram med kontroll ved kaien.

Før dei stakk frå Os tok dei ein bilførar for ikkje å vika for fotgjengar.

Vedkomande må ut med 5200 kroner. I tillegg hadde ikkje føraren bilbelte på.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.