Statens vegvesen kontrollerte beltebruk i buss i Hjellemarka torsdag. (Foto: Statens vegvesen)

Tatt utan belte i buss - nekta å seia namnet sitt

Vegvesenet måtte kontakta politiet då dei hadde kontroll i Os i går.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Torsdag var Statens vegvesen i Os for å kontrollera beltebruk i buss og bil. Først sto dei på E39 ved Hjellemarka på Søfteland, så ved rundkøyringa i Os sentrum.

– I Hjellemarka rakk vi berre å kontrollera to bussar, då ein av dei til saman tre som blei tatt utan belte nekta å oppgje personalia, fortel kontrollansvarleg Lars Harald Drange frå Statens vegvesen.

Politiet blei tilkalla og vedkomande, ein 19 år gamal gut, blei tatt av bussen.

Kvar av dei tre som blei tatt utan belte i buss fekk gebyr på 1500 kroner. Det same gjorde fem bilistar som blei stoppa i Os sentrum.

– Som å køyra med solbriller

Vegvesenet hadde også med seg fotobilen, som registrerer kjenneteikn på bilane som køyrer forbi. Av 1.253 kontrollerte bilar var det rundt 20 som skulle vore stoppa og avskilta.

– Vi hadde verken kapasitet eller plass til å stoppa alle, blant anna fordi vi blei ståande så lenge med den vanskelege passasjeren i den eine bussen, men éin bil blei avskilta.

Denne var ikkje EU-godkjent.

I tillegg blei det skrive ut 18 mangellappar. 11 av desse var grunna ulovleg mørk film på siderutene framme.

– Nokre av desse påsto at bilen var EU-godkjent med denne mørke filmen på rutene. Vi har ikkje bevis for kor tid dei er tatt av eller på, men det er mogleg at verkstadane kan bli flinkare til å undersøkja dette.

– Å køyra med mørke frontruter eller sideruter er som å køyra med solbriller på, og det er ikkje bra no i haustmørket, seier Drange.

 

Fleire saker

bilde-midtsiden

– Vi ser bra ut

20. oktober 2017

Ruben Hetlevik ventar ein jamn kamp med høgt tempo mot Brann 2.

bilde-midtsiden

Kritiserte sakshandsaminga

20. oktober 2017

Terje Sperrevik (TvS) var kritisk til korleis administrasjonen har handtert Fjellheim-saka.

bilde-midtsiden

Gapahuken er ferdig møblert

20. oktober 2017

Søndag om ei veke er det offisiell opning av det store, arkitektteikna taket ved Knutabruo.

bilde-midtsiden

Krev omkamp på Hjelle

20. oktober 2017

Oposisjonen krev utgreiing av skuletomt mellom Lyssandfabrikken og Hesthaugen.

bilde-midtsiden

Å passera tøffe hinder

20. oktober 2017

Lanserte CRUX på Vindfanget: Det er ei meining bak det nye namnet til Kirkens Sosialtjeneste.