Næringsliv | 16. sep. 2017

Tempoet og prisane i Os-marknaden

Statistikk og kommentarar: Det tar lengre tid å selja bustad, men mengda og prisane har likevel gått opp.

Tempoet og prisane i Os-marknaden
F.v.: Åge Gulbrandsen, Arild Vikøyr og Anders Vangen.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 16. sep. 2017 08:53

Statistikk for omsetnaden av bustadar i Os viser at det tar noko lengre tid enn tidlegare å selja, i snitt 50 dagar, mot 40 i same periode i fjor.

Tida varierer med bustadtype. Einebustadar går fortare i år enn i fjor.

Ser vi på mengda sal og prisane per kvadratmeter ser det betre ut.

• 292 flytta til Os i 2. kvartal i år: Auka folkevekst i Os

Tala under frå 1. januar til og med 31. august - samanlikna med same periode i 2016.

Statistikken er henta frå eiendomsverdi.no og gjeld for brukte bustadar, ikkje nye prosjekt. Fritidsbustadar og sal av tomter er ikkje inkludert.

Fleire sal og høgare pris

Fleire sal:
Det blei omsett 186 bustadar i Os frå januar til august i år. I same periode i fjor blei det selt 169 bustadar.

Høgare snittpris:
Bustadane som er selt i år har i snitt blitt selt for nesten 900 kroner meir per kvadratmeter. Ser vi på ulike bustadtypar så har alle utanom leilegheit auka, og prisane auka mest på rekkehus, med over 2000 kroner per kvadratmeter.

Snittpris per bustadtype, 2016 (1/1-31/8)
Einebustad 25.557,- pr kvm.
Rekkehus 28.655,- pr kvm.
Leilighet 33.993,- pr kvm.
Tomannsbustad 26.993,- pr kvm.
TOTALT, alle bustadtypar 28.683,- pr kvm.

Snittpris per bustadtype, 2017 (1/1-31/8)
Einebustad 25.688,- pr kvm.
Rekkehus 30.837,- pr kvm.
Leilighet 33.977,- pr kvm.
Tomannsbustad 27.300 pr kvm.
TOTALT, alle bustadtypar 29.546 pr kvm.

Prisane i Os held seg stabile og er forutsigbare.

Tar noko lengre tid å selja

Her er statistikk som viser kor lang tid det det har tatt å selja ulike typar bustad.

2016 (t.o.m. 31/8)
Enebolig 47 dagar
Rekkehus 20 dagar
Leilighet 52 dagar
Tomannsbolig 19 dagar
TOTALT, alle bustadtypar 40 dagar

2017 (t.o.m. 31/8)
Enebolig 45 dager
Rekkehus 43 dager
Leilighet 54 dager
Tomannsbolig 55 dager
Totalt alle boligtyper 50 dager

– Høgare tempo etter valet

Meklarane Midtsiden har snakka med fortel om varierande oppmøte på vising. Det er ikkje sjeldan at ingen dukkar opp. Dei fleste eigedomane blir selte utan bodrunde.

– Det er likevel ikkje sånn at folk ventar med å selja eige hus før dei kjøper nytt, seier Anders Vangen i DNB Eiendom.

Åge Gulbrandsøy hos BO Eiendomsmegling er einig.

– Det er ikkje som i 2008, der folk var avventande og helst ville selja sitt eige før dei kjøper. Eller som i 2011, då fleire i oljenæringa var redde for jobbane sine.

Arild Vikøyr og Privatmegleren Vikøyr & Brandt fortel om godt tempo i starten på året, ein rolegare sommar, men auka fart den siste veka.

– Det kan ha med valet å gjera, men det treng ikkje ha med politikken i seg sjølv, snarare det at det ikkje blei regjeringsskifte. Etter eit skifte tar det tid før alt er i gjenge, og delar av marknaden kan oppleva uvisse, seier Vikøyr.

Gåde råd til kjøpar og seljar

Vangen anbefaler alle som vurderer å kjøpa nytt hus å kontakta meklar tidleg, allereie før dei har funne draumebustaden.

– Då får du verdivurderng av bustaden din og kan gå i banken for å få tilbod om mellomfinansieringslån. Sånn blir du førebudd og klar for å kjøpa ny bustad.

– Stemninga blant kjøparar kan variera veldig frå veke til veke, ut frå kva rikspressen skriv om økonomi og marknad. Som oftast gjeld ikkje dette for Os. Vi er ein vekstkommune, vi ligg tett på Bergen og vi har ein ny E39 som er ferdig om fem år, seier Gulbrandsøy.

Vikøyr seier marknaden, sånn den er no, kan vera god for kjøpar.

– Er det rett bustadtype, god standard og eit attraktivt område, så kan det gå fort. Sit du og ventar så kan du hamna i bodrunde, og då går prisen fort opp nokre hundre tusen.

– Kva med dei som skal selja?

– Det er viktig å vera realistisk, å ikkje berre fortelja solskinshistoriar. Det har tatt noko lengre tid å selja hus til no i år, men prisane har vore ok. Vi har opplevd at det å setja rett pris har vore avgjerande, bommar du med nokre hundre tusen så kan bustaden bli ståande uselt lenge.

– Bankane blei strengare på eigenkapitalkravet for eit år sidan, og dette har hatt effekten som staten ville.

Tips til deg som vil inn på marknaden

Banksjef i DNB, May Sissel Syslak, har sendt oss desse råda til unge som vil inn på bustadmarkanden.

1. Ha kontroll over egen økonomi, betal regninger i tide. Dette vil forbedre mulighetene dine til å få lån når du trenger det. Unngå å få betalingsanmerkninger.

2. Vis at du kan spare. Kan du spare, betyr det at du også kan sette av penger til å betale en regning, for eksempel renter og avdrag på lån.

3. Du må også spare fordi bankene i dag må kreve 15 prosent egenkapital for å kunne innvilge boliglån som ikke skal være større enn 5 x inntekt. Vi kan imidlertid gjøre unntak for dem som kan stille tilleggssikkerhet, og det gjør vi ofte for unge. Alle bør uansett begynne boligsparingen så tidlig som mulig. Spar i BSU fra du får skattbar inntekt. BSU gir både skattefradrag og god rente.

4. Når du kommer så langt at du skal kjøpe bolig, still deg selv spørsmålet: ”Kan jeg leve med en renteøkning på tre prosentpoeng?” Hvis svaret er nei bør du låne mindre – eller binde renten noen år fremover. Husk at du også skal ha råd til å leve.

5. Det er mange faktorer som spiller inn når banken vurderer om eller hvor mye du kan få i lån, men i korte trekk vil betalingsevne, betalingsvilje og pantesikkerhet være avgjørende.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.