Lokal | 05. sep. 2013

Tenk nytt – stem grønt!

Lesarinnlegg: MDG på Stortinget vil sørgja for at også andre parti må ta del i diskusjonen om korleis ei omstilling frå ein oljebasert vekstøkonomi til ein økologisk berekraftig økonomi skal skje.

Tenk nytt – stem grønt!
Ingrid Ophaug Dahl og Tom Sverre Tomren.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 05. sep. 2013 06:37

Valet i år kan bli historisk. For fyrste gong kan eit parti med økologisk berekraft og livskvalitet som overordna verdiar bli representert på Stortinget. Meiningsmålingar tyder på at Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) kan få inn kandidatar frå fleire fylke, og eit av dei er her hjå oss i Hordaland. Dette vil skje om dei som meiner klima og miljø er viktig, og som har vurdert å røysta på Dei Grøne, tar steget og legg lista vår i urna på valdagen.

Tid for omstilling

MDG på Stortinget vil sørgja for at også andre parti må ta del i diskusjonen om korleis ei omstilling frå ein oljebasert vekstøkonomi til ein økologisk berekraftig økonomi skal skje. Dette har klimaforskarar lenge fortalt oss er naudsynt. No seier også framståande økonomar at ei slik omstilling må skje. Og det må skje no. Om me kjem for seint i gong med dette, vil det ikkje berre føra til alvorlege klimaendringar, men også vera farleg for norsk økonomi.

I kåringa som vart utført på oppdrag for alliansen «Klimavalg2013» vart MDG kåra til det beste klimapartiet i Noreg. Me vil arbeida for å skapa eit samfunn i økologisk balanse, slik at me ikkje legg att rekninga for store klimaskader til dei som kjem etter oss.

Miljøvenleg transport

Me vil utvikla eit miljøvenleg transportsystem der rimelege bane- og busstilbod vil gjera det attraktivt å reisa kollektivt. I tillegg til å vidareføra bybanen i Bergen, vil me få fortgang i NSB sine planar om hurtiggåande tog frå Åsane (via Haukeland og Oasen) til Flesland, med reisetid på 19. minutt. Dette kjem i tillegg til traséar for den meir saktegåande bybanen må byggjast ut slik at det når alle bydelar.

Me vil òg betra luftkvaliteten og redusera helsefarleg luftureining rundt Bergen ved å satsa vidare på elbilar. MDG ynskjer å få reisetida med tog frå Bergen til Oslo ned til 4 timar, parallelt med vidare planlegging av lyntog over Haukeli til Oslo, både frå Bergen og Stavanger.

Nei til bru over Bjørnefjorden

Dei Grøne er sterkt i mot å bruka 150 milliardar kroner på ferjefri E39. Her står me saman med ei samla miljørørsle og Fylkesmannen i Hordaland. Me vil heller ha ei opprusting av eksisterande vegnett, kombinert med miljøvenlege ferjer. Uansett kva trasé som blir valt, vil vegen føra til store naturinngrep, og gje støy og luftureining i bygdene der vegen etter planane skal gå. Planlegginga av ei monsterbru over Bjørnefjorden må stoggast.

Levedyktig landbruk og gode lokalsamfunn

Me vil arbeida for eit levedyktig landbruk i Noreg. Derfor må me stogge nedbygginga av matjord og sørgja for at bøndene får lønsvilkår som aukar sjølvbergingsgraden, og ikkje reduserer den. Me vil arbeide for levande lokalsamfunn. Livskvaliteten er betre i område der folk har arbeid, skule, helsetenester og kulturtilbod i nærleiken.

Me vil difor verna lokalskular mot nedlegging. Å måtte reise langt til skule og arbeid er uheldig, enten det er born eller vaksne som kvar veke må bruka timevis i bil eller buss.

Økologisk berekraft framfor økonomisk vekst

Me vonar at alle som ynskjer ei slik samfunnsutvikling, vil røysta på Miljøpartiet Dei Grøne. Me meiner det avgjerande viktig at det kjem eit parti på Stortinget som prioriterer økologisk berekraft framfor økonomisk vekst og som utan bindingar til blokkene i norsk politikk vil arbeida for å løyse den største utfordringa verda står framfor i dag.

Vidare økonomisk vekst i rike land gjer ikkje folk lukkelegare.

Tenk nytt – stem grønt! GODT VAL!

Tom Sverre Tomren og Ingrid Ophaug Dahl
Første og andre kandidat for Miljøpartiet Dei Grøne i Hordaland

Lisa Nøttseter
Leiar av Miljøpartiet Dei Grøne i Os

Sigbjørn Grønås og Gunnar Kvåle
Stortingskandidatar for Miljøpartiet Dei Grøne

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.