Testa hinderløype i Mobergsvikjo

Sånn såg det ut då Osbadet flytta ned til søsterbedrifta Oseana.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Under Oseanamarknaden var det, som annonsert, duka for action på utsida av kulturhuset laurdag.

Med mindre vêret blei dårleg ville nemleg Osbadet KF koma ned til Oseana KF for å tilby leik på Wibit-hinderløypa dei bandande har hatt glede av på Kuventræ denne våren.

Vêret blei verken stygt eller fint, så Osbadet stilte opp, svømte ut med ile og monterte den oppblåsbare hinderløypa frå badestigen ved stupebrettet og parallelt med moloen utover fjorden.

– Dette fungerte jo bra! No har vi prøvd det og då kan vegen bli kort til Mobergsvikjo om vi får oss ein fin sommar, seier Jon Sivert Rykkel.

Rundt ti ungar og ungdomar kom for å prøva, nokre av dei i våtdrakt, andre i berre badebuksa.

Det var kaldt i sjøen og ingen solstråler som varma på land, men dei som først hadde vore uti tok fleire turar over løypa.

Også unge Rykkel utfordra ungdomane, og trass dårleg start i fleire omgangar henta han dei stort sett inn igjen over det siste, høge hinderet.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Lite stemte for Os

17. oktober 2017

Det stemte verken framover eller bakover då Os møtte Fyllingen.

bilde-midtsiden

Bil i fjellveggen

17. oktober 2017

Ein mann er køyrd til legevakt etter ulykke nær Nordvik.