Sport | 23. sep. 2014

Tett bortekamp mot Voss

Trass forseinkingar etter vegarbeid i Hegglandsdalen og skadd playmaker i første omgang gjorde Os god figur borte mot Voss.

Tett bortekamp mot Voss
Madeleine Hjertnes, her i serieopninga, blei skadd i tommelen i bortekampen mot Voss i går. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 23. sep. 2014 07:47

Os starta sesongen med 20-33-tap for Stord, og var nøgd med å skåra 20 mål etter ei spinkel oppkjøring.

I går sleppte dei inn 12 færre, men klarte ikkje å produsera nok til å vinna kampen.

Voss - Os 21-17 (11-9)

– Vi spelte godt i etablert forsvar, som vi har hatt fokus på etter serieopninga, seier trenar Gitte Torp.

– Men vi sleit med at Voss var gode på overgangar. Kampen blei tett og små marginer gjorde at det dessverre ikkje blei poeng på oss.

Ankomsten til Voss blei ikkje heilt ideell. Vegarbeid i Hegglandsdalen førte til at spelarane blei forseinka, kampen måtte utsetjast og det blei ei litt knapp oppvarming.

Madde skadd av banens beste

«I fyrste omgang hadde heimelaget sin store spelar Marzena Paszowska oppvisning i korleis handball skal spelast» skriv Avisa Hordaland etter kampen.

Den same Paszowska fekk direkte raudt kort då ho i første omgang braut tommelen til Os-spelar Madeleine Hjertnes så Madde måtte ut resten av kampen.

– Eg trur den berre er forstua. Eg har fått på bandasje og har plan om å få tatt røntgen av den her på skulen seinare i dag, seier tannlegestudent Madeleine.

– Er eg heldig så er eg på trening igjen på torsdag. Det er jo kamp igjen til helga, legg ho til.

Os speler borte mot Jotun søndag. Også runde fire er på bortebane, mot Bjørnar, neste heimekamp for damelaget er først 25. oktober.

SJÅ TERMINLISTE OG TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.