Annonse

Annonse

midtsiden

Thomas senka Fana

Fana har ambisjonar om opprykk for andrelaget sitt, men den styrka stallen fekk bank av Lysekloster.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Mandag, august 16, 2010 - 12:43

Lysekloster, som no ligg på opprykksplass til 5. divisjon med 12 poengs margin, fekk ein god start på haustsesongen sundag kveld.

- Vi var litt rusten i starten, men løfta oss i andre omgang, seier trenar Ørjan Sandal.

- Sidan vi har trent to gongar i veka i heile sommar, men løpande hatt folk på ferie, hadde vi enkelte som kom direkte frå tur til kamp. Det er først denne veka vi trener for fullt igjen.

Fana 2 - Lysekloster: 1-4 (1-1)

Fana er bestemt på å rykka opp med andrelaget sitt, og stilte med fleire A-lagsspelarar og nokre med erfaring frå Tippeligaen. Men det heldt ikkje.

Thomas Greipsland skåra kampens første mål og dei to første i andre omgang. Morten Sæthre sette inn 1-4 for Lysekloster.

SJÅ TABELL

- Har bra kontroll
Lysekloster, som rykte opp frå 7. divisjon etter førre sesong, ligg godt an til å nå målsetnaden om nok eit opprykk. Dei to beste ved sesongslutt rykker direkte opp til 5. divisjon.

Lysefjordingane leiar no tabellen med 8 poeng bak til Kalandseid på 2. plass, 9 poeng framfor Eidsvåg 2 på 3. plass og 12 poeng til Fana 2 på 4. plass. Eidsvåg 2 kan grunna magre prestasjonar av førstelaget i 5. divisjon ikkje rykka opp i år.

- No byrjar vi å få den kontrollen vi skal ha, seier Sandal.

Ventar med å styrka stallen
På forsommaren fekk Lysekloster ein del merksemd rundt potensielt framtidig samarbeid med Brann-spelar David Nielsen.

- Korleis er dialogen med eventuelle nye spelarar?

- No har vi gjort det så bra at vi kjem til å venta med å ta inn nye til etter at sesongen er over. Speletid til dei spelarane vi allereie har blir prioritert.

- Du er ikkje redd for at nokre tunge tog skal gå frå deg?

- Vi har nokre spelarar som vi håpar på å få, men vi har også nokre som vi allereie veit at vi får til neste sesong, svarar Sandal.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11

 
Hjem

Ansvarlig redaktør: Kjetil Vasby Bruarøy.
I redaksjonen: Andris Hamre.
TIPS OSS PÅ MOBIL/SMS/MMS:
+ 47 90 78 92 70
+ 47 47 90 61 11