Sport | 01. mars 2013

Thomas vann med god margin!

Thomas Andersen tok nok ein suveren siger i det 100 km lange pulkløpet Expedition Amundsen.

Thomas vann med god margin!
Thomas då han kom i mål på Maurset i 18-tida i dag. Kartet viser avstanden bak til nestemann, laget Team Tran, klokka 17.53. (Privat foto. Kart: xtremeidfjord.no/google)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 01. mars 2013 17:19

Thomas Andersen vann i dag Expedition Amundsen med nestemann cirka to timar bak.

Han gjekk i mål på om lag den same rekordtida som i fjor, 21:55:46.

I 2012 vann han på 21 timar og 50 minutt, inkludert 4+4 timar kvile, noko som er 8 timar raskare enn i 2011.

– I år var det berre 4 timar kvile, så tida er mykje dårlegare i år. Men det var også forholda, med storm i kasta i natt og elendig føre, seier Thomas til Midtsiden etter målgang.

– Det var ei heftig natt, og heilt uaktuelt å prøva å slå rekorden. Og sidan eg hadde så god luke bak til dei neste var det berre snakk om å halda farten oppe og gå trygt inn til mål.

45 trekte seg

Med rekordstor påmelding, der Fylkesmannen hadde sett maksgrense på 150 deltakarar, var det duka for hard konkurranse då osingen Thomas Andersen skulle forsvara tittelen i Expedition Amundsen.

Men rufsete vêr gjorde at 45 trekte seg før eller under løpet og returnerte til start.

Dei Andersen såg på som tøffaste konkurrentar trekte seg ikkje, men hamna fort eit godt stykke bak.

Vann med tyngre pulk

At Thomas før konkurransen sa at han gjekk for også å slå dei påmeldte laga, som ikkje har krav til minimumsvekt på 40 kilo pulk, gjorde det endå tøffare.

Les òg: – Dei skal få kjørt seg

Men Thomas braut eige løfte, om å opna varsamt, og tok tidleg leiinga.

Les òg: Thomas er i tet

– Eg var først opp på første topp. Det var både overraskande og inspirerande, sidan fleire av dei tøffaste konkurrentane gjekk med pulk på berre 25 kilo.

– Det lysna i dag tidleg, men skya fort til og sikta blei dårleg. Men med god tid bak til nestemann var det berre å kjøra konktrollert vidare.

Til siste av tre sjekkpunkt, der det er pålagt å kvila 4 timar, kom han inn rundt 1 time og 50 minutt før neste.

Mykje publikum

I 14.30-tida var han i gang med siste etappe mot mål på Maurset og rundt klokka 18 gjekk han i mål.

Framme på Maurset var det fleire som tok imot han.

– Det var sjukt med publikum her, til og med ein del osingar som sto og tok bilde i innspurten, seier Thomas etter nok ein siger på det 100 km lange pulkløpet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.