Kultur | 05. okt. 2011

Til by'n for å tøffa seg

Fire rockeband frå Os ser ut til å samla fullt hus når «Os Rock City goes Garage» laurdag.

Til by'n for å tøffa seg
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 05. okt. 2011 10:28

Dei fire rockebanda Warfart, KingCalling, Bone Shakers og Neoplasma seglar under flagget «Os Rock City goes Garage» når dei laurdag 8. oktober inntar den viktigaste rockebula i Bergen.

– Garage har betydd mykje for rockebanda i Bergen og Os, og osingar har i mange år prega Garage. Os Rock City er framleis eit kjent begrep i Bergen og det var ikkje vanskeleg å rydda plass til fire band frå Os på ein mørk laurdagskveld i oktober, seier leiar i Os Rockleklubb, Kjetil Osablod Grønvigh.

Lang fartstid

Sidan 1980 har Os Rockeklubb fostra utallige band og musikarar. Mange av desse blei lokale heltar i Os medan andre har tatt musikken sin langt utanfor både kommune- og landegrensene.

– Vi skryter glatt på oss at Olve 'Abbath' Eikemo, Torkjell 'Toschie' Rød og Tore 'Alriiiight' Bratseth alle tok sine tidlege musikalske steg i Os Rockeklubb. Og alle hugsar jentene i Furia, som i ein periode nesten budde på Garage.

Viser Neoplasma til folket

Dei siste åra har rockemiljøet i Os blomstra kraftig opp igjen. Frå musikkbingane og UKM til Os Rock City-arrangement i Os og den ruvande festivalen Søfteland Rock N LoL er det både import og eksport av musikk i bygda.

– Laurdag vil Os Rockeklubb presentera notida og, ikkje minst, framtida i Os Rock City. Etter meir enn 30 år er Os Rockeklubb framleis ein potent jævel som avlar fram mange feite band.

– Vi ser like lyst på framtida som vi er stolt av fortida, og noko med det eg gler meg mest til med denne laurdagen er å visa Neoplasma til bergensarane. Vi andre er vaksne karar og har hatt våre jobbar i by'n, medan dei 18-20 år gamle knallharde og dyktige musikarane i Neoplasma er rockeklubben sin skjulte juvel.

Garage tar rundt 300 gjestar. Over 200 har allereie sagt på Facebook at dei kjem, så det kan bli heitt og tett denne laurdagen i Bergen.

Sånn fortel Os Rockeklubb om dei fire banda som speler på Garage laurdag 8. oktober:

WARFART
Mannskap: Even Hjertaas (vokal), Raymond Hilseth (gitar), Espen Hjertaas (gitar), Dan-Jarle Køhler Raustein (bass) og Kjetil Osablod Grønvigh (trommer).

Kjent som Os' tyngste band, både musikalsk og kroppsmessig. Består av en tung miks av gamle ringrever og unge tungvektere fra rockeklubb-miljøet i Os. To av stedene Warfart har spilt på, ble umiddelbart nedlagt etterpå. Står Garage testen? Forvent det tyngste av det tyngste, ispedd en god dose humor. Up the Warfarts!!!

Sjekk denne videoen: Warfart akustisk hos Frode Art

KINGCALLING
Mannskap: Eirik S. Søfteland (vokal), Morten Torkildsen (gitar), Espen Austestad (gitar), Leif Herland (bass) og Giuliano LoMonaco (trommer).

Er du glad i det beste fra 70 og 80-tallets pompøse heavy-rock? Er Classic Rock ditt favorittblad? De unge herrene i King Calling gir deg vokalprestasjoner du trodde forsvant med TNT i 1987, de klassiske gitarriffene er tilbake, og heavy-rocken er så til de grader riktig i 2011!!!

Ferskt intervju med KingCalling: Meiner alvor

BONE SHAKERS
Mannskap: Christian Andersen (vokal og bass), Erik Aasen (gitar), Espen Iversen (gitar) og Andreas Lindborg (trommer).

'It's only rock'n roll, and we know you like it'. Med dette som mantra vet du hva Bone Shakers er ute etter: å gi deg en 100% opplevelse av 100% ekte rock' roll. Har du en denim-jakke vil Bone Shakers gjerne se den. Drink beer, get drunk, sing along and be a rock'n roller!!!

Les òg: Bone Shakers rocka jula inn

NEOPLASMA
Mannskap: Patrick Gaassand (vokal), Martin Aarland (gitar), Christer Havsgård (gitar), Ivan Rolstad (bass) og Michael Hansen (trommer).

Os Rockeklubb sin skjulte juvel. Lyst å stirre en okse rett inn i øynene, eller oppleve hvordan det er å bli gruset? Da er Neoplasma din greie... Os Rockeklubb garanterer deg øresus, blåmerker og granatsjokk om du tør å stille deg foran Neoplasma. Dette er så innforjæ#%ig brutalt, tight og velspilt at et og annet Garagehode kommer til å bli veldig overrasket. Latterlig unge gutter er de også....

Bli betre kjent med banda i sakene om Os Rockeklubb sin 30-årsfest og på samleside for Søfteland Rock N LoL.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.