Lokal | 15. mai 2013

Til Halhjem for å læra

New York Fire Department og The Staten Island Ferries måtte til Noreg og Halhjem for å læra om gasstryggleik og drift av gassferger.

Til Halhjem for å læra
Interesserte amerikanske brannkonstablar følgde nøye med då dei fekk omvisning på LNG-anlegget på Halhjem (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 15. mai 2013 14:02

Noreg verdsleiande innan drift av LNG-gassdrevne ferger. Onsdag kom ein delegasjon på sju representantar frå New York Fire Department og The Staten Island Ferry til Noreg og vestlandet for å ta lærdom av dei beste.

– Amerikanerane vurderar å innføre gassdrevne ferjer i New York, men treng meir kunnskap om korleis og tryggleiken rundt det, fortel Susanne Rislå Andersen, leiar av Maritimt Forum Bergensregionen.

- Vi er primus motor for å synleggjera den unike kompetansa som ligg i norsk maritim næring. I løpet av dei to dagane dei er her, skal amerikanerane få innblikk i drift og bunkring av LNG-drevne fartøy, LNG-teknologi og tryggleik i høve gassbrann.

Saman med Fjord1, Rolls Royce, Bergen og omland hamnevesen og brannvesenet både i Os og Bergen delar ho gjerne kunnskapen.

Ikkje gass, men kondens

Før dei amerikanske gjestane kom til Halhjem onsdag ettermiddag hadde dei fått ein presentasjon frå mellomanna brannsjef Stein Gjøsund og branningeniør Martin Østgulen Svendsen i Os brann- og redningstjeneste.

– Mellomanna fekk dei høre at den kvite røyken som kjem når ein fyller anlegget ikkje er gass, men kondens som skapast grunna dei store temperaturforskjellane.

13 års erfaring

The Staten Island Ferry fraktar omlag 20 millionar passasjerar kvart år. I løpet av 2013 er planen at dei skal iverksetja ombygging av ei av sine konvensjoelle dieselferger til LNG-gassferge.

- 13 år med erfaring frå drift og bunkring av LNG-drevne ferger med sterk fokus på risikoforebygging, har gjort at vi har unngått LNG-gassrelaterte ulukker i vår flåte.

– Den kunnskapen vil vi både formidle og syne amerikanerane i praksis om bord på MF Bergensfjord under besøket, fortalde driftssjef Oscar Bergheim i Fjord1 før han inviterte gjestane på tur over Bjørnefjorden.

Viktig lokal kompetanse

Fjord1 har jobbet tett med lokale brannvesen gjennom alle dei 13 åra, og framhever deira kompetanse på kunnskap om handtering av gassbrann.

- Det er moro at verdas kanskje mest kjende brannvesen kjem til Noreg for å hauste erfaringar knytt til gassbrann frå det lokale brannvesenet her på Os, seier Bergheim.

Den amerikanske delegasjonen er òg på jakt etter kunnskap om dei teknologiske løysingane LNG-fartøy og fekk dette demonstrert på turen over Bjørnefjorden.

Krev trening og gode prosedyrar

Rolls Royce har ei sentral rolle i utviklinga av LNG-gassbasert teknologi i skip, både i Noreg og utlandet.

- LNG er ei pålitelig drivstoffkjelde, og meir enn ti års erfaring har vist oss kor sikkert og forutsigbart dette stoffet er i operativ drift.

– LNG er ikkje ufarleg, men kunnskap er nøkkelen til å redusera risikoen. Dette handterast gjennom eit veltrent mannskap og gode prosedyrar, fortel osingen Geir Bjørkeli, salgs- og marknadsdirektør i Rolls Royce.

Bjørkeli ser ikkje bort frå at lokale ressursar frå Os kan bli invitert til New York for å hjelpa til med innføring av prosedyrar og trening av mannskapa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.