Lokal | 02. okt. 2013

Til Kvam etter 24 år på Os

– Det fantastiske arbeidsmiljøet vi har på Os er det eg kjem til å sakna mest, seier politioverbetjent Terje Sperrevik, som takka ja til å bli lensmann i Kvam.

Til Kvam etter 24 år på Os
Utskifting i leiinga: Rasmus Dalen pensjonerte seg før sommaren, i november reiser Terje Sperrevik frå Os til Kvam. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. okt. 2013 07:25

I førre veke fekk Terje Sperrevik tilbod om jobb som lensmann i Samnanger og Kvam.

– Eg bestemte meg måndag, seier Sperrevik.

Stillinga er eit vikariat på eitt år og Sperrevik byrjar truleg i den nye jobben 1. november.

Han fortel at han vog litt for og imot fær han tok avgjerda. Reisevegen aukar frå to minutt spasertur til ein time i bil. Men det er kollegaene på kontoret i Irisgården han synest er mest vanskeleg å reisa ifrå.

– Vi har eit fantastisk godt miljø på kontoret, men mange kjekke og dyktige politifolk.

Kjekt å bli kjent med Dyrdal

Sperrevik var éin av to søkjarar til lensmannsstillinga i Os, men då Rasmus Dalen gjekk av med pensjon var det Oddbjørn Dyrdal som overtok.

– Eg var skuffa der og då. Men det har vore lærerikt å ikkje vera innstilt som nummer éin.

– Og så har det vore ei positiv oppleving å jobba saman med Dyrdal desse månadane, han er ein kjempedyktig erstattar for Dalen.

Tilbake der det starta

Når Sperrevik reiser til Norheimsund for å vera lensmann for Samnanger og Kvam får han rundt 12 tilsette rundt seg.

Nokre av dei mest erfarne ved kontoret kjenner han frå før.

– Eg jobba eit år som politi i Samnanger då eg i 1985 var nyutdanna, fortel han.

Frå 1986 til 1989 jobba han på Askøy, så gjekk turen til Os, først som vikar.

– Eg var vikar for Frode Bøe og vi var berre fire tilsette ved lensmannskontoret på Os på den tida, fortel han.

Vilmar Langeland var lensmann fram til Rasmus Dalen overtok.

– Eg og Dalen fekk mange utfordrande, men gode år saman på Os.

Etterutdanning og opprykk

Terje Sperrevik blei politioverbetjent i 2003 og har dei siste åra tatt etterutdanning parallelt med jobb.

– Er held no på å ferdigstilla jus-studia. I tillegg har eg studert leiarfag ved NHH og UiB og tatt kurs i førebyggande arbeid.

Sjølv om han har vore fungerande lensmann ved fleire høve medan han hadde Rasmus Dalen som sjef, ser han fram til no å bli lensmann.

– Det er noko eige å leia eit kontor. Det er med blanda kjensler eg reiser frå Os, men eg ser samtidig fram til både ny stilling og til å bli kjent med nye kollegaer i Norheimsund, seier Terje Sperrevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.