Lokal | 18. nov. 2014

Til Liberia for å kjempa mot ebola

Osingen Janne Lillelid Gjerde reiser til Monrovia med Leger Uten Grenser.

Til Liberia for å kjempa mot ebola
Janne Lillelid Gjerde. (Foto: Leger Uten Grenser)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 18. nov. 2014 19:57

Bildeserie:

Her blir Janne sin arbeidsplass dei neste fire vekene. (Google Maps)
Her blir Janne sin arbeidsplass dei neste fire vekene. (Google Maps)
1 av 1
Her blir Janne sin arbeidsplass dei neste fire vekene. (Google Maps)

Janne Lillelid Gjerde (30) frå Os jobbar som sjukepleiar ved Kvinneklinikken i Bergen.

Ho har tidlegare i år vore to månadar i Sør-Sudan med Leger Uten Grenser. No skal ho på nytt oppdrag for Leger Uten Grenser, denne gong til Liberia, SIerra Leone sitt naboland i sør, for å jobba på det største behandlingssenteret i hovudstaden Monrovia.

– Eg føler eit behov for å bidra. Sidan eg også har sjansen til det valte eg å melda meg til teneste, seier ho i eit intervju på Leger Uten Grenser si facebookside.

På kurs i Brussel

– Janne er no på opplæring i Brussel på opplæring, fortel fungerande kommunikasjonssjef i Leger Uten Grenser, Jonas Hågensen til Midtsiden.

Midtsiden har ikkje lykkast i å nå Janne på telefon, anna enn på tekstmelding, der ho fortel at ho har travle stunder på kurs og truleg ikkje får tid til intervju med det første.

Etter to dagar i Brussel går turen til Liberia, der ho i fire veker skal leia lokalt helsepersonell, men også sjølv gje behandling.

– Det mest vanskelege blir nok frykten mellom menneske som ebola skaper, avstanden til pasientane. Verneutstyr. Manglande kontakt. Å måtta ta vare på seg sjølv samtidig som du skal sørgja for best mogleg sjukepleie og pasientstell, seier ho til Leger Uten Grenser.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.