midtsiden

Til Nordkapp igjen

Nasjonalbåten frå Os skal på langtur igjen. Denne gong er det ein 101 år gamal båt med mannskap frå blant anna Bergen som skal på tur.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I 2009 rodde osingen Bård Alfred Monsen og kameratane Tor Wigum og Vegar Solberg 1170 nautiske mil frå Lindesnes til Nordkapp. Reisa, som blei gjort i ein oselvar, båten som seinare same sommar blei kåra til Noregs nasjonalbåt, var unnagjort på 34 dagar, eit snitt på 34 mil/63 kilometer per døgn.

I slutten av mai skal to andre karar på tur, også dei i nasjonalbåten. Bergensaren Axel Bjørklid (30) har tidlegare segla frå Sør-Afrika til Cuba, Rolf-Erik Buøen Poppe (31) frå Lier/Oslo har tidlegare gått Noreg på langs - to gongar.

Bjørklid og Poppe skal ro motsett veg, frå Nordkapp til Lindesnes. (Fordi det er mykje lettare å ro nedover på kartet, he, he! Red anm.)

– Vi bestemte oss for denne turen over nokre glas mjølk på eit studentkollektiv på Ås hausten 2007, skriv dei to på heimesida si.

Dei vil ro på gamlemåten, altså utan oppgradering med sleider og skyvebrett for bruk av bein. Ei av årsakene til dette er at dei ikkje vil risikera at den 101 år gamle oselvaren dei skal ro i skal mista sjarmen sin.

Målet deira er å starta reisa i slutten av mai. I mars var dei på prøvetur med båten, då var dei også i dialog med Bård Alfred Monsen og fekk nyttige tips og påfyll av inspirasjon.

På heimesida deira rodegned.no kan du lesa meir om planane og, når turen startar, følgja med på reisa mellom Nordkapp og Lindesnes.