Sport | 31. aug. 2010

Til topps i Rett Vest

Trass i dårlege forhold, på 22 år er det berre éin løpar som har hatt betre tid på det 5 mil lange fjelløpet enn osingen Thomas Andersen.

Til topps i Rett Vest
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 31. aug. 2010 08:56

Thomas Andersen, som tidlegare i år vann 7 mil lange Hornindal Rundt, stakk sundag av med sigeren i den 5 mil lange Styrkeprøven Rett Vest.

- Løpet blei utsett frå laurdag til sundag grunna dårlege forhold, men det var ikkje gode forhold sundag heller, seier Thomas om det han kallar eit langt og hardt gjørmebad.

Thomas vann med tida 5.40 på det 50 kilometer lange løpet frå Gullbotn til Kjøkkelvik. Dette er nest beste tid på dei 22 åra løpet har blitt arrangert.

Klatra kvart år
Andersen hamna på 4. plass det første året han var med i Rett Vest, 3. plass året etter og 2. plass i fjor. Etter å ha gått gradane stakk han av med sigeren i år.

- Eg er vant med å springa meir åleine, men i år blei det hardt. Vi var ein gjeng på 3-4 stykker som følgte kvarandre, dei sprang forbi i motbakkane, eg passerte på flatene.

- Men før det siste fjellet, Lyderhorn, tok eg igjen han som var fremst. Eg passerte han i siste motbakke då heldt det til siger.

Thomas Andersen slo Thorbjørn T. Ludvigsen med fire minutt.

Tittelforsvarar om to veker
Neste løp for Andersen er om knappe to veker. Då stiller han i Vøringsfoss Race, eit tredagarsløp han i fjor vann 18 minutt (!) før nestemann.

- Etter dette skal eg delta på Ultrabirken, men der har eg ikkje særlege ambisjonar. Løypa er flat, noko som passar meg dårleg, trur Andersen.

Rett Vest-arrangøren si side:
www.styrkeproven-rettvest.org

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.