Delar av undervisninga ved Os kulturskule flyttar midlertidig frå Oseana til gamleskulen ved Os Skule (foto: Andris Hamre/Os kommune)

Tilbake på gamleskulen

Medan dei ventar på avgjerda til arbeidsdirektoratet flyttar delar av kulturskulen frå Oseana til Os barneskule.

Av: Andris Hamre Onsdag, januar 4, 2012 - 14:52

Os kommune har anka tre av punkta i Arbeidstilsynet sitt vedtak i høve Oseana til Arbeidsdirektoratet. Medan dei ventar på avgjersla frå direktoratet flyttar delar av kulturskulen ut frå Oseana.

- Inntil vidare har vi funne ut at den beste løysinga er at delar av undervisninga flyttar tilbake til gamleskulen medan vi ventar på ei betre avklaring i høve til Oseana sine undervisningsrom frå Arbeidsdirektoratet, seier kultursjef Lisbeth Axelsen.

Axelsen presiserer at det er ei mellombels løysing som berre gjeld elevane til gitarlærar Jon Sæbø.

- Jon er den einaste som har ei 100% undervisningsstilling ved kulturskulen, og den som har flest enkeltelevar.

- I samråd med rektor ved Kulturskulen og Jon fann eg ut at dette var den beste løysinga, forklarar Axelsen.

Tykkjer det er trist

Direktør ved Oseana, Kim Kristoffersen, synes det er trist at delar av kulturskulen flyttar ut.

- Det er veldig trist at dei ikkje kan nytta seg av øvingsromma her på huset.

- Vi på driftssida i Oseana har hatt eit godt samarbeid med kulturskulen og har hatt månadlege møter kor vi har drøfta oss fram til korleis vi har kunne legge tilrette på best mogleg måte, forklarar Kristoffersen.

Axelsen stadfestar at samarbeidet med dei tilsette ved Oseana har vore godt og at det ikkje er bakgrunnen for den mellombelse avgjersla.

Kor lang tid Arbeidsdirektoratet treng på å handsama ankesaka er førebels uvisst.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11