Lokal | 25. feb. 2014

Tilbyr fri bruk av Oshjørnet

Liv på Øyro: Opnar Oshjørnet gratis for frivillige lag, organisasjonar og grupper.

Tilbyr fri bruk av Oshjørnet
Ruth Birkeland Bjørø, Fredrik Seliussen og Ottar Randa i full gang med å legga nytt gulv i det ledige lokalet på Oshjørnet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 25. feb. 2014 13:11

Os Bygg og Eigedom AS (OBEAS) kjøpte i fjor haust Oshjørnet frå Bb Eiendom Invest i KS (BBEI). Medan dei ventar på å kome i gang med ombyggingsarbeidene opnar dei no lokalet i første høgda for frivillige lag, organisasjoner og grupper som treng ein plass å driva aktivitet.

– Allereie no har vi ei dansegruppe og hobbymalarar som vil nytta lokalet til atelie og møteplass, fortel initiativtakar og seniorkonsulent i OBEAS, Ruth Birkeland Bjørø.

– Her vil det bli fri tilgang og gratis å låna fram til byggestart i midten av august.

– Prosjektet har vi kalla Os Open og det er berre å ta kontakt om de har brukt for å låna lokalet.

– Det er først til mølla som gjeld, blir det stor pågang får vi organisera det slik at det blir mest mogleg rettferdig, seier Bjørø.

I tillegg vil Os Rockeklubb/Os Rock City nytta dei gamle nattklubb-lokala som scene og øvingslokale utan alkoholservering.

– Vil la folk sjå

Saman med direktør Ottar Randa og prosjektleiar for "Liv på Øyro", Fredrik Seliussen, har Bjørø trekt i arbeidsklér for å gjera lokalet i stand.

– Vi har fått veldig positiv respons frå næringslivet på prosjektet.

– No held vi på å legga nytt gulv som XL-bygg har sponsa oss med. Borte på Loops sit Kåre Mongstad og teiknar på ein grafisk profil for prosjektet, så i løpet av kort tid er vi oppe og går.

– Forhåpentlegvis kan folk som passerar forbi, allereie til uka sjå liv i lokalet, fortel Bjørø.

– Berre kreativiteten som set grenser

Nettopp det at folk skal kunne sjå kva som skjer er eit viktig poeng for initiativtakarane.

– Vi skal ha opp nokre gardiner, men dei skal helst ikkje nyttast.

– Det måtte vera om noko vil drive akt-måling eller for å skjerma dei minste dansarane når dei øvar.

– Det er ei glede å låna ut lokala.

– Vi håpar osingane har lyst til å ta det i bruk, anten det er strikkekurs, fotokurs, lesestund på laurdag formiddag eller anna, skyt Ottar Randa inn.

Oppmodar andre huseigarar

I følgje berekningar gjort, står omlag 2000 kvaderatmeter ledig på Os.

– Det er mange utviklingsplanar på gang, men fram til desse kjem igang oppmodar vi dei andre huseigarane i sentrum til å gjera det same som vi no gjer.

– Det er inga risiko for huseigarane. Dette er midlertidige prosjekt, så når lokalet blir leigd ut må ein berre flytta vidare.

– Vi tek på oss koordineringsoppgåva. Det er berre å ta kontakt for huseigarar også, avsluttar Ruth Birkeland Bjørø med eit smil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.