Tim blir Lysekloster-trenar
Tim Henrik Sperrevik erstattar Tore Nielsen og blir del av trenarteamet til den nybakte 2. divisjonsklubben.
Bildeserie:
Tidlegare Os-spelar og Os-trenar Tim Henrik Sperrevik er engasjert som trenar for Lysekloster sitt A-lag.
– Han kjem til å leia det som skjer på feltet saman med Thomas Sandal. Ørjan Sandal held fram som trenar, men får òg nokre nye oppgåver i klubben, fortel leiar Svein Kollen.
Tim erstattar Tore Nielsen.
– Kjem de til å få på beina eit Lysekloster 2 igjen neste år?
– Nei, det er det førebels ikkje plan om, seier Kollen.
Nytt blod
Sperrevik har flytta til Sperrevik i Lysefjorden og trente frå før eit aldersbestemt lag i Lysefjorden.
– Kontrakten med Nielsen var over og vi ville ha inn noko nytt blod. Vi kjenner til engasjementet og temperamentet til Tim, og vi er fleire med engasjement og temperament i Lysekloster.
– Vi trur han kjem til å passa godt inn i gruppa. Han har trøkk, han vil opp og fram, og det vil spelarane òg.
Sperrevik var opptatt då Midtsiden ringte for kommentar.
Kollen seier han blant anna har snakka med kaptein Jonassen om Sperrevik som trenar.
– Baste har trent under Tim før og var klar for å gjera det igjen.
Kom uventa på Nielsen
Tore Nielsen fortel at han blei oppringt av Kollen onsdag kveld med beskjed om at han ikkje blei engasjert vidare i klubben.
– Han sa òg at dei var nøgd med jobben eg har gjort og eg sa det var greit.
– Men eg undrast litt over at dei ikkje vil ha meg med vidare med den suksessen vi har hatt i år, seier Tore.
Han fekk tett med positive tilbakemeldingar frå spelarar onsdag kveld.
– Det gler eg meg veldig over.
Nielsen visste ikkje at det var Tim som overtar jobben hans før Midtsiden ringte.
– Eg kjenner Timmen og han er ein eg liker godt.
– Men vi er veldig ulike typar og eg undrast litt over at han skal erstatta rolla eg hadde, seier Nielsen, utan at han vil utdjupa det noko vidare.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.