Brannvesenet var på staden for å kjøle ned bilen (lesarfoto)

Tivolibil skaper kø på Søfteland

Ein tivolibil med varme bremser skaper kø på E39.

image
Av: Andris Hamre

Politi og brannvesen rykte tysdag formiddag i 14-tida ut til melding om ein brann i eit vogntog på E39 Byvegen. 

I følgje politiet sin logg har ikkje dette blitt registrert på Søfteland, men klokka 1350 blei det meldt inn ei tilsvarande hending på Vallaheiene. Midtsiden har fått tilsendt fleire bileter av ein tivolibil som står med rykande bremser på busstoppet ved Søfteland skule mot Os, kor det no er saktegåande kø.

– Både politi og brannvesen er på staden. Brannvesenet har spylt heile bilen for å kjøle den ned. Politiet dirigerer på staden, fortel ein Midtsiden-tipsar.

Køen mot byen skal strekke seg til den skarpe svingen litt sør for Røykenes.