Lokal | 20. jan. 2016

– Tjuvar endevendte heile huset

Oppdatert: To einebustadar i Lysefjorden er utsette for innbrot.

– Tjuvar endevendte heile huset
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 20. jan. 2016 12:49

I helga blei ein eldre bustad i Lysefjorden utsett for innbrot. Det var ikkje folk i huset då innbrotet skjedde.

– Mor er vekke for tida, så vi søsken har bytt på å brøyta snø og passa på huset. Lys og radio har stått på, så det skulle sjå ut som om folk er heime, forklarer sonen, som ønskjer å vera anonym.

Laurdag var han og rydda snø, då såg alt greit ut, måndag morgon oppdaga han at det hadde vore folk i huset.

I alle skuffer og skap

– Først såg eg at kjøkkenstolane ikkje sto der dei plar stå, så la eg merke til at alle dørene inne i huset sto opne.

Då han gjekk gjennom huset fekk han grundig stadfesta at framande hadde vore i huset.

– Alt av skuffer og skap var tømt utover golvet. Dei har til og med vore oppe på loftet i den gamle bustaden.

Det ser førebels ikkje ut som om noko er sakna frå huset. Tjuvane har tatt seg inn ved å fjerna eit vindauge i kjellaren.

– Eg veit ikkje kva dei har vore på jakt etter, eller om dei har plan om å koma tilbake, men det verste er å tenkja på at framande har vore og romstert i huset på denne måten.

– Dei siste nettene har eg sove i huset for å halda vakt. Vi kjem til å følgja endå betre med dei neste dagane.

OPPDATERT: Då naboane blei varsla viste det seg at eitt av nabohusa, også det var tomt for folk, er utsett for innbrot.

– All grunn til å følgja med

Politioverbetjent Audun Hadler-Olsen stadfestar at familie av huseigar har vore i kontakt med Os lensmannskontor.

– Dei har fått skjema for å melda dette, og vi ventar på å få det i posten.

– Vi kjem til å auka patruljeringa i området. Fana har hatt ein del problem med innbrot den siste tida, så det er all grunn til å følgja ekstra med, spesielt om folk er på reise, seier Hadler-Olsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.