Tøffe tak då Os vann
Det blei både fysisk og verbalt tøft då handballherrene til Os slo Stryn med eitt mål.
Bildeserie:
Etter serieopninga mot Norrøna, kor Os tok eitt poeng, var det Nordfjord-laget Stryn som sto på motsett banehalvdel søndag.
– Det blei ein kamp mellom to lag som ønskte å spele handball. Det var høgt tempo og ein artig kamp med høg temperatur og mykje drittslenging, men med to gode dommarar som lot spelarane ta seg ut og likevel hadde kontroll, kommenterer Os-trenar Kenneth Husebø.
Dei to dommarane som fekk velfortent skryt var det rutinerte paret Preben Andersen og Bengt Nilsen.
Os - Stryn 28-27 (15-15)
Ute: Os 3x2 min, Stryn 3x2 min
Os sitt lag: Einar Godø, Trygve Lerch Dahl 1, Ove Lyssand 2, Isak Røen 7, Arne Veim 8, Nils Andris Hamre 4, Øystein Skarding 1, Håvard Bjørnør, Mats Brunvatne 1, Jørgen Wold 4
Toppscorar Stryn: Leon Paulovic 14
Sleit med toppskåraren
Dei to laga følgde kvarandre tett gjennom heile kampen, mykje takka vera gjestane sin store spelar Leon Paulovic, som sto for heile 14 av dei 27 måla til Stryn. I tillegg var Ivan Karabatic i gjestane sitt mål ei nøtt Osherrane sleit med å knekka.
– Storskyttaren deira var ikkje lett å stoppa. Vi freista å legge ut frimerke på han, men sjølv då putta han to på kort tid, så vi la heller om i forsvar. Guttane fekk beskjed om å stå tettare på han og løyser det godt. Han skårar vel ikkje i det heile tatt det siste kvarteret, seier Husebø.
Leia med fire
På stillinga 24-24 med åtte minutt igjen på tavla tok Os virkeleg grep i kampen. Først snurra Isak Røen rundt med Stryn-forsvaret, før Jørgen Wold leverte eit kjapt skot frå venstreslegga. Ungguten Mats Brunvatne leverte frå kanten før Wold igjen var frampå. Då tok Stryn timeout og la om til eit svært offensivt forsvar som osingane ikkje helt klarte å løyse.
– Vi blir for defensive på slutten der. I staden for å gi gass, så blir vi litt for forsiktige, men alt i alt det var ein gøy kamp. No hadde vi alle tilbake og vi har enno meir å gå på, avsluttar Husebø.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.