Lokal | 25. mai 2016

UP tok 10 i sentrum

Utrykningspolitiet kontrollerte bilbelte- og mobilbruk i Os tysdag kveld.

UP tok 10 i sentrum
UP sto med kikkerten i Os sentrum tysdag kveld. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 25. mai 2016 07:55

Tysdag kveld hadde utrykningspolitiet trafikkontroll ved rundkøyringa i Os sentrum.

– I 20-tida har dei loggført 10 reaksjonar, fortel politiførstebetjent Rune Fimreite.

Det blei skrive ut seks gebyr for manglande bruk av bilbelte og fire forenkla forelegg for ulovleg bruk av mobiltelefon under køyring.

Politiet i Os var i går på Ytre Moberg og avskilta ein bil. I tillegg var dei og assisterte politiet i Fana med ei sak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.