Lokal | 03. mars 2016

Tok 14 fartssyndarar på Halhjem

UP tok til saman 19 fartssyndarar på Halhjem og Lepsøyvegen onsdag, ein av dei må ut med 6500 kroner.

Tok 14 fartssyndarar på Halhjem
UP tok 14 på Halhjemsvegen ved Halhjem ferjekai i går. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 03. mars 2016 08:17

Det er oppretta sak etter at ein mann køyrde utfor Strønevegen onsdag formiddag.

– Det er ikkje tatt beslag i førarkortet, men han er meldt for uaktsam køyring, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Politiet i Os stoppa òg ein bil med overlast onsdag.

– Han køyrde med ein bil på hengar, men bilen var for tung i forhold til kva hengaren var registrert for.

UP tok 19 - ein av dei var utan førarkort

Utrykningspolitiet var i Os i går og hadde fartskontroll i 50-sona retning nord på Lepsøyvegen, ved Solbakken.

– Dei skreiv ut fem forenkla forelegg. Høgaste fart var 74 km/t, altså 2 km/t frå førarkortbeslag og fort nok til at forelegget blir på heile 6500 kroner.

Etterpå plasserte dei seg ved rundkøyringa nær Halhjem ferjekai og målte trafikken sørover i 50-sona.

– Her blei ein mann meldt for både høg fart og køyring utan førarkort.

I tillegg blei det skrive ut 13 forenkla forelegg, høgaste fart var 70 km/t, tilsvarande 4200 kroner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.