Tok bronse i senior-NM
Os Roklubb fekk to fine plasseringar i NM i Sarpsborg i helga.
Bildeserie:
I helga gjekk senior-NM i roing av stabelen i Sarpsborg.
Os stilte med ein dobbeltfirar og ein åttar i meisterskapen, som hadde rekordstor deltakarmengde.
I dobbeltfiraren sat Erling Holst Øyasæter, Arne Hadler-Olsen, Mattias Haugland og Torbjørn Lothe Mehammer.
Dei kvalifiserte seg til A-finalen og fikk 5. plass av 14 lag.
Tok bronse i åttar
I åttar stilte 12 lag.
Os gjekk direkte til A-finale, der dei rodde inn til ein fantastisk bronsemedalje.
NSR (Norske studenters Roklubb) vann med tida 6.47,6, Christiania Roklubb kom på 2. plass med tida 6.49,6 og Os tok 3. plassen med 7.00,5 etter eit knallhardt løp.
Det var tunge forhold med motvind begge dagar.
Os stilte med unge Lars Eirik som cox og med veteranar som Bård og Arne sin onkel Sigurd.
Her er bronselaget: Cox Lars Eirik Vevatne, Erling Holst Øyasæter, Sigurd Hadler-Olsen, Arne Hadler-Olsen, Bård Monsen, Torbjørn Lothe Mehammer, Mattias Haugland, Lars Erik Jansen og Oddbjørn Gjerde.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.