
Tok gull i Haugesund
Sist helg var Lysekloster gutar 16 i Haugesund på Regy Cup. Lysekloster speler i 3. divisjon, men allereie frå start klarte dei seg godt mot god motstand.
I den første kampen møtte dei Arna Bjørnar 1, som leiar si pulje i 2. divisjon. Her vann Lysekloster 2-1 og la med det eit godt grunnlag for å gå vidare til A-sluttspelet.
Neste kamp gjekk mot Hovding og enda 2-2, men i siste innleiande runde blei det 4-1 over Askøy og Lysekloster var puljevinnar.
Solid på straffe
I kvartfinalen møtte LIL Flaktveit frå Åsane. Etter ordinær tid sto det 1-1, så då blei det straffesparkkonkurranse. Denne vann LIL enkelt; 3-0.
Semifinalen gjekk mot Sveio, som leier serien i Sunnhordland.
LIL gjekk hardt ut og leia 1-0 før pause og 2-0 då dommaren bles av kampen.
Suveren i finalen
Finalen gjekk mot Fyllingen. LIL fekk ein pause og eit lite strategimøte før start - og starta i høgt tempo.
Å legga press på motstandarane lønna seg, etter 7 minutt leia LIL 2-0 og til pause sto det 4-0!
Det blei ikkje fleire mål til nokre av laga, så Lysekloster blei ståande som vinnar av Regy Cup 2011.
PS! A-laget til Lysekloster vann 3-0 borte mot Tornado Bergen søndag.
Neste kamp blir sesongens siste heimekamp, den går mot Fitjar fredag klokka 19.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no