Politiet rykte mannsterke ut på meldinga om familievald (lesarbilde)

Tok hand om valdeleg mann

Væpna politiaksjon søndag morgon.

Av: Andris Hamre

Rundt klokka 10 søndag morgon fekk Midtsiden tips om at væpna politi var på ei adresse i nærleiken av Os sentrum. Tre politibiler og sju-åtte politifolk skal ha vore på plassen.

– Det er rett. Vi har ein pågåande familievaldsak på Os no, fortalte operasjonsleiar ved Vest politidistrikt klokka 1024.

– Vi har gripen ein mann i 40-åra. Han er mistenkt for familievald og blir køyrd til byen for å bli satt i fengsleg forvaring. Fornærma er tatt hand om. Ho er tilsynelatende uskadd og blir avhøyrd no, avsluttar operasjonsleiaren.