Fotball | 15. apr. 2013

Tok poeng på borte-Neset

Nore Neset hamna under, men tok eitt poeng med seg frå Bjørnen etter dagens derby mot Søre Neset.

Tok poeng på borte-Neset
Søre Neset tok måndag kveld imot Nore Neset til seriestart i 6. divisjon. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 15. apr. 2013 20:38

Fleire lag i 6. divisjon starta serien i helga. Søfteland opna med 4-1-siger over Harding heime, Kalandseid slo Samnanger 7-3 og Eikelandsfjorden tapte 6-0 borte for Tertnes 2.

Måndag kveld sto lokaloppgjeret Søre Neset - Nore Neset for tur. Søre Neset har hatt ein god vinter og blant anna styrka stallen med spelarar som Kenneth Hufthammer og Alexander Thuen frå nettopp Nore Neset.

Nore Neset sto for nokre månadar sidan i fare for å måtta trekka laget, men så blei det tatt grep og gjestane kunne stilla med ein godt rusta gjeng klare for seriestart på Bjørnen i dag.

Søre Neset - Nore Neset 1-1 (1-0)
Målskårarar: Øystein Lien (straffe) og Arvid Rabben.

– Vi klarte ikkje å få til spelet vårt i dag, seier Søre Neset-trenar Bjarte Arentzen, skuffa etter poengdeling med laget som spelte éin divisjon under dei i fjor.

– Nore Neset kjempa hardt og klarte i stor grad å hindra oss.

1-0 kom på straffe etter ein situasjon der Remi Lindborg gjekk i bakken innanfor 16-meteren. Fleire langs sidelinja protesterte på at det blei blåst straffe, men heimelaget fekk skyta frå 11-metersmerket og Øystein Lien sette ballen inn midt i første omgang.

Utlikninga kom rundt 5 minutt før slutt. Ein Søre Neset-stoppar heada ballen bak seg, og der kom ein rask Arvid Rabben og sette ballen inn bak Kjetil Kvåle.

– Dette er eg nøgd med, seier Arne Sælensminde, som har trent Nore Neset sidan februar.

– Vi stiller med eit lag der eg trur alle har spelt aldersbestemt fotball i klubben, fem av dei er framleis juniorar. Og klarer oss så godt mot eit lag med mål om comeback i 5. divisjon.

Søre Neset speler neste kamp på bortebane mot Krabbetor, Nore Neset speler heime mot Skogsvåg laurdag (kl 13).

Sjå terminliste og tabell.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.