Annonse

Annonse

midtsiden

Tok seg inn til familie

Blodig mann forlangte å få sova i fred. På den kvite sofaen.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Søndag, august 22, 2010 - 18:36

I 6-tida sundag morgon ringte det på hos ein familie i Os. Sonen, som er i barneskulealder, opna døra for å sjå kven det var, og då pressa ein full og blodig mann seg inn.

Mannen, ein osing i 30-åra, var veldig rusa og blødde mykje. Han hadde heller ikkje sko på seg då han kom.

- Han hadde eit stort kutt i hovudet og vi spurte om vi skulle kjøra han til legevakt. Då sa han at han ville ha fred, og at han kunne koma til å knusa inventaret i bustaden vår om han blei aggressiv, fortel mora til guten som opna døra for den ubodne gjesten.

Heldt seg roleg
Mannen hennar rakk ikkje å stå opp før guten hadde opna døra, men høyrte at det kom folk inn i huset og vekte kona.

- Vi prøvde å halda oss rolege og prata med mannen. Han bad om å få brennevin, men fekk litt cola.

Då dei bad han gå blei han sint, så då blei politiet varsla.

- Det var ei ubehageleg oppleving for oss, vi er framleis litt prega. No håper eg vi får sofaen rein igjen.

Blei henta
Kvinna synes det var vanskeleg å få tak i politiet på telefon, men seier patruljen var raskt på plass då dei endeleg fekk tak i dei.

- Det var flinke politibetjentar som kom og mannen blei tatt med utan dramatikk.

Mannen blei ifølgje operasjonleiar Asbjørn Andersen henta klokka 06.28 og kjørt til legevakt. Mannen blei ikkje tatt med til arresten i Bergen.

- Eg trur det er viktig å halda seg roleg i sånne situasjonar, vi gjorde nok det rette med berre å prata med han.

Kva som har skjedd med mannen og kvifor han kom akkurat til deira hus veit ho ikkje.

- Sjølv om det ikkje høyrtes ut som om det var fest i nabolaget kan han jo ha vore på besøk hos nokon og fått problem med å koma seg heim, seier ho.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11

 
Hjem

Ansvarlig redaktør: Kjetil Vasby Bruarøy.
I redaksjonen: Andris Hamre.
TIPS OSS PÅ MOBIL/SMS/MMS:
+ 47 90 78 92 70
+ 47 47 90 61 11