– Tok tid å finna plassering
... men no er to 45 meter høge master med vindmålarar på plass for å registrera data til planlegginga av bru over Bjørnafjorden.
Bildeserie:
I april skal Statens vegvesen legga fram planprogrammet for Hordfast, ferjefri E39.
Målingar i samband med bru over Bjørnafjorden er godt i gang, i starten på januar blei det lagt ut fem bøyar mellom Reksteren og Øyane for å måla bølgjer, straum og vind, no er også to høge master montert og i drift.
– Det tok litt tid å finna ein plass der desse kunne stå, fortel Mathias Eidem hos vegvesenet.
Det var ikkje alle grunneigarane som var interesserte i å ha denne ståande. Men i midten av februar hadde vegvesenet avtalar på plass og kunne montera mastene.
Måler i tre høgder
Dei to mastene er 45 meter høge. Éi er plassert på Sundøytangen i Søre Øyane, den andre på Skarvhelleholmen nord på Reksteren.
– Kvar mast har tre vindmålarar, kopla til internett, som måler og sender data kontinuerleg, fortel Eidem.
Måleperioden for utstyret som ligg i sjøen skal i første omgang vera på to år, men denne kan bli utvida med yttarlegare tre år.
Det blir truleg parallell måleperiode på land.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.