
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Tomt for varer til jul?
Dei siste vekene har det vore mykje snakk om smør, og i førre veke kom det også melding om at kremfløyte sto i fare for å bli mangelvare.
– Det med kremfløyten var berre tull, det seier Tine også. Men meldinga fekk fleire til å hamstra inn, noko som gjorde at det blei litt rykkvis sal og tomme hyller nokre dagar, seier Kenneth Lyssand hos Coop Extra.
– Meieria har kutta ned fettet i lettmjølka frå 1,6 til 1,1 prosent for å ha nok, forklarar Jahn-Ingolf Lyssand hos Meny.
– Hadde smør i helga
Både hos Meny og Coop Extra har det vore tomt for smør den siste tida.
– Det kjem lite om gangen, så det blir fort tomt, fortel Jahn-Ingolf.
– Vi fekk import-smør i hyllene i dag, seier Kenneth.
Hos Rema 1000 hadde dei Tine-smør heile helga.
– Vi hadde smør frå fredag til og med måndag, og får nye parti ein gong i veka, seier Trond Hope hos Rema 1000.
Alle skal bli mett
Hope seier han skal klara å forsyna osingane med det meste fram til jul.
– Men vi veit aldri. Går ein av konkurrentane tom for noko så byrjar folk å springa frå butikk til butikk, og då blir hyllene fort tomme.
– Sylte og nokre andre utprega julevarer, som nesten ikkje sel resten av året, kan også gå tom. Men for dei fleste varer finnest det erstatningsvarer, alle skal nok bli mette i jula.
Kan gå tom for enkelte varer
Fleire av julevarene er også aktuelle i romjula og til nyttår.
Pinnekjøtt skal det vera rikeleg av i hyllene i Os til jul, men der skal enkelte leverandørar, ifølgje Hope, vera tomme.
– Akkurat pinnekjøtt følgjer eg nøye med på. Der skal vi ha så det held til jul, men eg er spent på kor mykje vi har igjen til nyttår.
Også julebrus kan det koma til å minka kraftig på dei neste dagane.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no