Lokal | 12. feb. 2009

Tør ikkje feira 50-årsdagen

I 2008 blei det selt to millionar fleire smurte Vestlandslefser enn året før. I år fyller fabrikken 50 år, utan å veta om dei klarar å metta marknaden.

Tør ikkje feira 50-årsdagen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 12. feb. 2009 09:20

− Vi kan ikkje marknadsføra Vestlandslefsa. Veksten sidan 2006 har vore så stor at produksjonskapasiteten er sprengt, seier driftssjef Kjetil Moberg.

Dessverre tar heller ikkje Rieber seg tid til å feira det 50 år gamle produktet.

Ny teknikk og betra distribusjon

Eventyret om Vestlandslefsa starta i ein kjellar på Bøe, av Inger Bøe for over 50 år sidan. I 1959 bygde sonen Torolf og kona Rigmor fabrikk.

Fabrikken og dei fleste skreddarsydde maskinene står framleis for all produksjon, også etter at Rieber & Søn kjøpte fabrikken og merkevara i 1989.

− Vestlandlefsa har blitt stadig meir populær, men i det siste har vi opplevd ein eksplosiv vekst.

- I 2006 skjedde to viktige ting, vi fekk betre distribusjon i daglegvarebutikkane, i tillegg til kantinene som vi hadde frå før – og så byrja vi med ein ny fryseteknikk. Med singelfrysing av smurte lefser direkte i produksjon har kvaliteten blitt mykje betre. No held lefsene seg ti dagar etter tining, mot tre tidlegare, fortel Moberg.

Bøe-familien er med

Sonen til Torolf og Rigmor, Fritz, var driftssjef på fabrikken i fleire år etter salet i 1989. Og han jobbar framleis for Toro, men på fabrikken i Arna.

− Familien Bøe er framleis representert i produksjonen, Rolf Tore og kona Elsebeth jobbar begge på fabrikken, fortel Jan Arne Vevatne.

Tysnesingen Vevatne var produksjonssjef på lefsebakeriet tidlegare, under Fritz si leiing. I 2004 blei han driftssjef på Os, seinare fekk han jobben som fabrikksjef i Arna.

Rieber & Søn food service har andre merke enn Toro, som Denja, King Oscar og Vossafår.

− Det er fleire av desse lokale matvareprodukta som er populære, Vossafår for eksempel, som omsette for over 100 millionar kroner i fjor, seier Vevatne.

Utlendingane må venta

Tidlegare har Vestlandslefsa blitt eksportert til Sverige, og i stor skala til område i USA med mykje nordmenn. Men no blir lefsene berre selt i Noreg.

− Toro har distribusjonskontor i Tyskland, og dei har vist stor interesse for Vestlandslefsa. Men så lenge vi knapt klarar å produsera til den norske marknaden så held vi oss her, seier Vevatne.

− Kva konsekvensar får veksten dei siste åra?

− Vi ser potensiale for å utvida produksjonen, men er ikkje sikre på kor stor vekst vi kan rekna med. Aukar vi, så aukar vi frå to til tre skift.

- Vi skil mellom tørre lefser og smurte lefser. 70 prosent av produksjonen består av smurte lefser, som i kroner omset for 6-7 gongar meir enn tørre lefser. Men eg har stor tru på tørre lefser (som folk fuktar og eventuelt smøre sjølv). Dei blir for ekstempel brukt til tapas, både heime og i restaurantar. Vestlandslefsa med laks og eggerøre er super lunsj, anbefalar Kjetil Moberg.

Fakta om Vestlandslefsa

• Inger Bøe starta produksjonen i kjellaren sin for over 50 år sidan.

• Sonen Torolf Bøe og kona Rigmor starta fabrikkproduksjon av Vestlandslefsa i 1959.

• På slutten 70-talet byrja produksjon av ferdigsmurte Vestlandslefser.

• Fabrikken blei selt til Rieber & Søn i 1989 og heiter no Toro Os.

• Blir no selt i tre variantar, tørre lefser, smurte lefser (smør, sukker og kanel) og smurte lefser med eplesyltetøy.

• Produserer 70/30 smurte/tørre lefser, 1 lefse i sekundet, i to skift.

• Omsetnaden av smurte lefser auka frå 13 til 15 millionar enkeltlefser frå 2007 til 2008

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.