Lokal | 15. nov. 2017

Torgmarknad og Lotepus

Os sentrum og AMFI Os samarbeider om nattopen torsdag.

Torgmarknad og Lotepus
Torsdag blir det kveldsmarknad ved torgbygget i sentrum. På AMFI Os kjem Lotepus for å signera boka si (foto: AH/pressebilde)
Andris Hamreonsdag 15. nov. 2017 10:36

Samarbeidet mellom dei to største handelssentra i bygda, AMFI Os og Os Sentrum, starta opp i april 2016.

Torsdag samarbeider dei to igjen når det er langope hos dei begge.

– Vi gjer som i fjor og legg nattope til same kveld. Det er kjekt å gjera noko saman, seier Silje Lygre, senterleiar på AMFI Os.

– Vi ønskjer å gjera det enkelt for osingane med å ha ope både i sentrum og på AMFI same kveld. Då kan folk nytta seg av tilboda begge plasser, supplerer William Lindborg, leiar i Os sentrumsforening.

Tek torget i bruk

Då torgbygget med baldakiner blei bygd, var noko av tanken at uteområdet kunne bli brukt til ulike marknader.

– På torsdag gjer vi det. Frå klokka 18 kjem ulike utstillarar som den nye fiskebutikken Isfisk, Lottes lefsebakeri, det blir sal av fiskesuppe frå Havnechefen og vårruller frå Asiatisk mat.

– I tillegg kjem fleire av butikkane i sentrum bort og har gode tilbud på torget. Alle butikkane har forøvrig ope til klokka 22 på torsdag. Det blir også servering av gratis øyrobolle og kaffi ved bålpanne på torget, fortel Lindborg.

Torgmarknaden blir ein forsmak på vinterens aktiviteter i sentrum, som starter om fjorten dager då julelysa blir tent.

Lotepus kjem

På AMFI Os stiller butikkene med gode timestilbud frå klokka 21 og utover til midnatt.

– Men det byrjar tidlegare enn det. Klokka 18 kjem Lotepus for å signere den nye boka si. Det kjem til å skje ved Ark AMFI Os.

OPPDATERT: Etterpå, frå klokka 20, er han på plass hos Libris Osøyro.

– Vi har også ein lykkeboks, kor kundane kan freiste å fange flest mogleg lapper som bles rundt i lyykeboksen. Er dei heldige kan dei fanga med seg både gåvekort og gåver frå butikkane og senteret, fortel Lygre, som startar jula på laurdag.

– Då blir det juleopning med tenning av lys, besøk av nissen, korps og barnekor. Siden vi driv og skiftar glastaket på torget i senteret, så vil dette i år gå føre seg ved hovudinngangen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.