Sport | 29. apr. 2017

Total dominans av Os

Hassan El Fakiri sitt mannskap har aldri sett sterkare ut.

Total dominans av Os
Tomålsskårar Divaldo Cardoso (t.v.) og kaptein Marius Mikkelsen klar for å gratulera Rafael Villén med 2-0-skåring på brasse. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 29. apr. 2017 17:31

Bildeserie:

1-0 ved Cardoso i 14. min. (Foto: KVB)
1-0 ved Cardoso i 14. min. (Foto: KVB)
2-0 ved Villén i 16. min. (Foto: KVB)
2-0 ved Villén i 16. min. (Foto: KVB)
Erik Kanestrøm i 29. minutt. (Foto: KVB)
Erik Kanestrøm i 29. minutt. (Foto: KVB)
Returen frå sitt eige skot sette han inn til 3-0. (Foto: KVB)
Returen frå sitt eige skot sette han inn til 3-0. (Foto: KVB)
Takle Eide var ikkje einig med dommaren i alt. (Foto: KVB)
Takle Eide var ikkje einig med dommaren i alt. (Foto: KVB)
Ein periode var det noko ampert på banen. (Foto: KVB)
Ein periode var det noko ampert på banen. (Foto: KVB)
Ingen blei skadd i den småhissige perioden. (Foto: KVB)
Ingen blei skadd i den småhissige perioden. (Foto: KVB)
Fjøra sin einaste sjanse før pause. (Foto: KVB)
Fjøra sin einaste sjanse før pause. (Foto: KVB)
Etter ti minutt med Os-press i 2. omg var det gjestane som skåra først. (Foto: KVB)
Etter ti minutt med Os-press i 2. omg var det gjestane som skåra først. (Foto: KVB)
Takle Eide med tre sjansar på rad. (Foto: KVB)
Takle Eide med tre sjansar på rad. (Foto: KVB)
Kanestrøm set inn sitt andre for dagen, 4-1. (Foto: KVB)
Kanestrøm set inn sitt andre for dagen, 4-1. (Foto: KVB)
Her legg Cardoso på til 5-1. (Foto: KVB)
Her legg Cardoso på til 5-1. (Foto: KVB)
Denne blei avverga av Kolskogen. (Foto: KVB)
Denne blei avverga av Kolskogen. (Foto: KVB)
Skot av Søvik, men stang ut. (Foto: KVB)
Skot av Søvik, men stang ut. (Foto: KVB)
Todd gjekk rett veg, men klarte ikkje å hindra 5-2 i 87. minutt. (Foto: KVB)
Todd gjekk rett veg, men klarte ikkje å hindra 5-2 i 87. minutt. (Foto: KVB)
Os er sløv, Fjøra skarp, på overtid. 5-3. (Foto: KVB)
Os er sløv, Fjøra skarp, på overtid. 5-3. (Foto: KVB)
1 av 16

Etter å ha tatt 4 poeng på 2 kampar, som begge har starta med 0-2 baklengs, tok Os i dag imot Fjøra.

Fjøra slo Aalesund 2 1-0 og tapte 2-1 borte for Spjelkavik i sine to første rundar.

Gjestane blei rundspelt i store delar av kampen, etter fleire sjansar, to cornarar og eitt stolpeskot gjekk Os opp i 1-0 og 2-0 på corner i 14. og 16. minutt.

Det som langt ut i 2. omgang såg ut til å bli ein 8-1-siger enda 5-3.

– At vi misser på ein del sjansar får våga seg, eg gler meg over at vi er fullstendig på frå start, at vi dominerer kampen i alle fasar av spelet og at vi skaper enormt med sjansar.

– Å gje vekk to mål dei siste minutta av kampen betyr ikkje noko for resultatet, men det øydelegger litt av mi oppleving av denne elles fine dagen, seier Hassan El Fakiri.

Os - Fjøra 5-3 (3-0)
Målskårarar, Os: Divaldo Cardoso 1-0 (14.), Rafael Villén 2-0 på brasse (16.), Erik Kanestrøm 3-0 (29.), Erik Kanestrøm 4-1 (63.) og Divaldo Cardoso 5-1 (69.).
Os: Andrew Todd - Torkel Hjertnes, Ole Martin Kolskogen, Knut Spangelo Haga - Marius Mikkelsen, Rafael Villén - Steffen Ljosheim, Erik Kanestrøm - Torgeir Lunde og Øystein Takle Eide.
Byte: Enrique C. Søvik for Lunde i 73. minutt, Thomas Fosen for Mikkelsen i 76. minutt, Anders Havsgår og Adrian Valle for Kanestrøm og Villén i 85. minutt.

I periodar av første omgang var det noko ampert på banen, etter pause roa dette seg noko.

– Dommaren kunne ha rydda opp i dette tidleg, i staden såg det ut som om spelarane ordna det sjølv, seier Fjøra-trenar Håvard Hatle.

Hatle er ikkje nøgd med starten på kampen.

– Når vi slepp inn tre mål på dødball så blir kampen som han blir, seier han til Midtsiden.

Om Os fekk mange cornarar, og denne gong skåra på nokre av dei, var det ikkje her dei var farlegast.

Det var tett mellom innlegga, og med presise Torgeir Lunde som ein av to spissar blei blant anna Takle Eide sendt fleire turar åleine med keeper.

Også Enrique Søvik var nær skåring i sluttminutta, men skotet mot lengste stolpe gjekk stang-ut.

5-2 og 5-3 kom i 87. og 90. minutt.

Det første på straffe etter ein duell med Spangelo Haga ute på sida av 16-meteren, det andre på ei praktskåring av Bakary Traore.

Marius Mikkelsen fekk ballen i ansiktet heile tre gongar, og måtte til lege for sjekk av nasa etter kamp.

Toppar tabellen før derby mot Lysekloster

Os toppar tabellen ei veke før derby mot Lysekloster på bortebane.

Lysekloster speler runde tre borte mot Stord i morgon. NM-runden mot same motstandar enda som kjent med 1-0-siger til Lysekloster.

TABELL OG TERMINLISTE

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.