Sport | 24. mai 2017

Tre på regional talentsamling

Nora Johnsen, Stine Eide og Malene Massi Fagertun er teke ut på regional talentsamling i håndball for J2002.

Tre på regional talentsamling
Malene Massi Fagertun og Stine Eide (nr 1 og 2 i rekka) er to av dei tre frå Os og Nore Neset som er teke ut på regional talentsamling. Her på trening med Os J01 (privat foto)
Andris Hamreonsdag 24. mai 2017 09:13

Regional talentsamling for 2002-årgangen blir arrangert i Sotra Arena 17.-18. juni.

Tre spelarar frå Os og Nore Neset har kome gjennom nålauge og blitt teke ut til den regionale samlinga: Nora Johnsen (Nore Neset), Stine Eide (Os) og Malene Massi Fagertun (Os).

I tillegg til fire treningssamlingar vil utøvarane få foredrag om både mental trening og kosthold frå fagpersonar frå Olympiatoppen Vest.

Kan bli aktuelle for landslaget

Den regionale samlinga er første steget på vegen for å bli teken med på den nasjonale talentsamlinga i august. Denne igjen danner grunnlaget for det nye U-landslaget (2002) i håndball. Sju utespelarar og ein målvakt frå Region Vest vil bli tatt med vidare til den nasjonale samlinga.

Totalt er 53 jentespelarar frå Hordaland/Sogn og Fjordane teke ut til den regionale talentsamlinga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.