Kultur | 31. mars 2017

Tre skular saman om stort show

Det haglar med varme helsingar til rektorane i Søre Øyane, Strøno og Hegglandsdalen etter at dei hadde 260 elevar på scenen i Oseana.

Tre skular saman om stort show
Venskap var tema for den store framsyninga, eit resultat av eit heilt nytt samarbeid mellom tre små barneskular. (Foto: Kari Marie A. Lyssand)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 31. mars 2017 12:07

Bildeserie:

Amanda opna showet. (Foto: Kari Marie A. Lyssand)
Amanda opna showet. (Foto: Kari Marie A. Lyssand)
Hegglandsdalen barneskule i sving. (Foto: Kari Marie A. Lyssand)
Hegglandsdalen barneskule i sving. (Foto: Kari Marie A. Lyssand)
Strøno barneskule. (Foto: Kari Marie A. Lyssand)
Strøno barneskule. (Foto: Kari Marie A. Lyssand)
Elevar frå Øyane i dans etter Alan Walker sin Alone. (Foto: Kari Marie A. Lyssand)
Elevar frå Øyane i dans etter Alan Walker sin Alone. (Foto: Kari Marie A. Lyssand)
260 elevar på same scene. (Foto: Kari Marie A. Lyssand)
260 elevar på same scene. (Foto: Kari Marie A. Lyssand)
Showet blei avslutta med Trivselsdansen. (Foto: Kari Marie A. Lyssand)

Barn av regnbuen. (Privat foto)
Barn av regnbuen. (Privat foto)
Barn av regnbuen. (Privat foto)
Barn av regnbuen. (Privat foto)
Barn av regnbuen. (Privat foto)
Barn av regnbuen. (Privat foto)
Barn av regnbuen. (Privat foto)
Barn av regnbuen. (Privat foto)
1 av 11

– Eg er veldig glad for initiativet, samarbeidet og resultatet. Vi på skulen har fått veldig fine meldingar dei siste dagane, frå foreldre som er stolte og nøgde etter framsyninga, fortel rektor Ann-Irene Brunvoll ved Strøno barneskule.

130 elevar frå Øyane, 70 frå Hegglandsdalen og 56 frå Strøno sto for framsyninga «Barn av regnbuen», for fullsett Oseana onsdag kveld.

Musikklærarane Anne Leni Søfteland og Terje Neset har vore sentrale. Initiativet kom frå rektor i Øyane, Gunnhild Hansen.

– Då eg byrja som rektor i Søre Øyane, etter fleire år som lærar på Kuventræ, var Kuventræ barneskule i gang med øvinga til ny stor framsyning.

Annakvart år øver dei over 200 elevane på Kuventræ inn større show (sjå video frå 2016 og 2013).

– «Tenk om vi kunne fått til noko liknande her», var mi innstilling på ny skule. Så snakka eg med Terje og Anne Leni, og dei var heilt med frå første stund.

Med venskap som tema

I august var det møte mellom skulane. Så blei det laga ei prosjektgruppe som planla tema, låtar og fekk det heile til å bli samkøyrde.

To av skulane har vennebenkar, og venskap på tvers av skulane blei tema.

– Vi hadde seks songar som vi øvde inn felles, og fleire individuelle innslag mellom desse seks. Terje og Anne Leni har reist rundt og hjelpt til på alle skulane, samtidig som dei tilsette har slutta opp om dette og stått ekstra på, seier Brunvoll.

Kvar skule visste lite om innslaga til dei andre før generalprøve og framsyning onsdag.

– Det var nok ein del elevar som etterkvart var litt leie av å øva då det nærma seg show. Dei visste ikkje kor stort det ville bli, men det trur eg dei forstår no, seier Gunnhild.

Lager felles aktivitetsdag i Hegglandsdalen

Etter ei strålande framsyning for 500 foreldre og besteforeldre i Oseana, og flotte tilbakemeldingar frå tilskodarane, er det kvardag og påskeferie før elevane igjen skal samlast.

Då blir det ikkje side om side for å underhalda, men en dag der temaet frå framsyninga verkeleg skal praktiserast.

– Det har vore ei fin tid med øving og framsyning, i mai skal det bli veldig kjekt å samla elevane til aktivitetsdag og grilling, seier rektor ved Hegglandsdalen barneskule, Jarle Reppen.

Hegglandsdalen idrettslag har sponsa med 25.000 kroner og 260 elevar frå tre skular skal få ein flott dag på Inn på tunet-garden til Tore Øvreeide.

– Der blir det pil og boge, fisking og padling - og mykje tid for elevane til å bli betre kjent, seier Reppen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.