Lokal | 13. juli 2014

Tre tatt med promille

Ein av dei som kjørte av ferja hadde heile 1,5 i promille dagen derpå.

Tre tatt med promille
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 13. juli 2014 10:12

Politiet i Os har søndag morgon sjekka promille på bilistar på veg av ferja frå Våge.

Første ferja i 8.40-tida var alle 24 om bord edru, men så kom det to ferjer til.

– Først tok vi ein som bles til 1,5 i promille, på neste ferje stoppa vi to med promille og måtta lata resten av ferjetrafikken kjøra vidare, fortel politibetjent Kenneth Rastad.

Alle dei tre er menn. Dei tre er i 20-, 30- og 50-åra.

Dei to siste hadde rundt 0,5 og 0,6 i promille og alle tre er tatt med til lege for utvida blodprøve.

OPPDATERT: 4 med lågpromille

Også i 12.50-tida sjekka politiet trafikken frå Våge-ferja.

– Fire gav utslag, men alle var rett under 0,2 i promille og kunne kjøra vidare.

– Det var tydeleg at dei sjølv var spent på eigen promille då vi stoppa dei. Er du i stuss skal du lata bilen stå, seier Rastad.

Av 166 kontrollerte på 4 ferjer er det altså tatt 3 med promille, 4 med lågpromille og høgaste målte på utandingsprøve rundt 1,5.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.