Lokal | 18. des. 2017

Tre tatt for narkobruk på dagtid

Ei ung kvinne og to unge menn tatt med amfetamin og hasj.

Tre tatt for narkobruk på dagtid
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 18. des. 2017 08:32

Søndag på dagtid gjekk politiet til aksjon på ei privat adresse i Os. I bustaden fann politiet ulike typar stoff og tre rusa personar.

– Det er tatt beslag i mindre mengder stoff. Dette blir sendt til analyse, men vi reknar med at det er snakk om hasj og amfetamin, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Dei tre personane, ein gut og ei jente på rett under 20 år, og ein mann i 20-åra, er alle mistenkt for bruk og besittelse av narkotika.

Fekk forelegg i Industrivegen

Tidlegare på dagen søndag hadde politiet trafikkontroll i Industrivegen.

35 bilistar blei kontrollerte, blant anna for promille, og alle var edru.

Men éin av dei fekk forelegg då vedkomande hadde for mange passasjerar i varebilen.

Forelegget er på 2.550 kroner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.