Næringsliv | 31. okt. 2013

Tredje Kiwi snart klar

Torsdag om ei veke får Os sin tredje Kiwi-butikk.

Tredje Kiwi snart klar
Bygningen på Gudriflaten har fått grønfargen på. I går byrja dei å fylla på med varer i butikken. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 31. okt. 2013 08:29

I desember for tre år sidan fekk Os sin KIWI-butikk nummer to, Kiwi Moberg.

Om ei veke står endå ein KIWI-butikk klar for opning.

– Kjeda vår har god ekspansjong og i dag opnar KIWI sin 577. butikk i Noreg. Torsdag 7. november opnar vi KIWI både på Åsane Storsenter og på Gudriflaten i Os, fortel regionssjef Jan Olav Mjøs.

– Butikksjef blir Tommy Lyssand frå Os. Lyssand har lang fartstid som butikksjef i daglegvarehandelen, og vi er svært glad for å få Lyssand med på laget vårt.

Om lag som på Moberg

KIWI Gudriflaten har eit bruttoareal på 1200 kvadratmeter og ei salsflate på omlag 860 kvadratmeter.

Til samanlikning har KIWI Haugsneset 350 kvadratmeter å presentera varene sine på medan KIWI Moberg er på størrelse med Gudridflaten.

– Det blir ein stor og god KIWI, med nye og meir moderne profilelement på plass.

– Vi vil med den nye butikken få ein forsmak på korleis KIWI-butikkane skal sjå ut framover. Det blir mykje grønt, lover Mjøs som fortel om stor interresse for å jobba i kjeda.

– Totalt har vi fått 190 søknadar på stillingsutlysningane no i haust.

Førebudd på konkurranse

Med ny Kiwi-butikk aukar Norgesgruppen utvalet i Os, og konkurransen i daglegvarebransjen.

– Fryktar du ikkje at butikken skal konkurrera for hardt med dei andre KIWI-butikkane, og med Meny, som ligg eit steinkast unna, og som også er eigd av Norgesguppen.

– Nei. Vi ser at daglegvaremarknaden i Os er i vekst. Kiwi på Haugsneset har klart seg bra etter at KIWI Moberg opna.

– Og når det kjem til Meny så har dei eit anna utval og ein annan fokus enn oss. Meny og KIWI vil supplera kvarandre godt. Vi vil nok konkurrera mest med dei andre lågprisbutikkane i Os, seier Mjøs.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.