Orgelet i Os Kyrkje byrjar å vera utslitt. Spørsmålet er om ein skal kjøpa nytt analogt eller digitalt orgel (foto: Andris Hamre)

Treng nytt orgel

Os kyrkje treng nytt orgel, men skal det kosta 0,5 eller 15 millionar kroner?

Av: Andris Hamre

I budsjettkonferansen onsdag presenterte kyrkjeverge Gerhard Hansen og nestleiar i soknerådet Arne Tveit kykja sine behov for oppgraderingar og investeringar.

– Dagens, Jørgensen orgel, er frå 1950-talet og har nådd si levetid. Vi trreng eit nytt orgel og må ta stilling til om det skal vera eit klassisk analogt, som i dag, eller om vi skal gå for eit digitalt.

– Eit analogt kyrkjeorgel vil kosta mellom 5 og 15 millionar kroner, medan prisen på eit digitalt vil vera rundt 500 000 kroner, forklarte Tveit.

Få høyrer forskjell

Han la ikkje skjul på at organistane og andre musikarar som skal nytta orgelet nok ønskte seg eit analogt.

– Mange synest nok at Os kyrkje burde ha eit klassisk flott orgel. For meg som sit i kyrkjebenken, så vil nok ikkje eg høyre forskjell, men organistane vil merke stor forskjell. Musikarar vil nok klart du må ha eit klassisk orgel. Tveit på Askøy har fått ei digitalt orgel nyleg. Organistane hylte då det blei bestemt, men dei innrømmer no at det er godt å spele på.

– No er ikkje dette handsama i soknerådet, men eg hadde kome til å hamne på det digitale orgelet, innrømma Tveit.

Treng 2 millionar neste år

Os kyrkje fyller i 2020 150 år. Kyrkjelyden signaliserte allereie i fjor at ho treng omfattande vedlikehald.

– Vi har fått Sweco til å gjera ein teknisk tilstandsrapport kor dei har gått gjennom heile bygget og satt raude, gule og grøne lys på tilstanden.

– Om vi ikkje gjer naudsynt vedlikehald vil tilstanden gå veldig fort nedover. Det vi må gjera i år er utvendig vedlikehald på tak, lynavleiarar, renner, treverk og måling. Kyrkja blei sist måla i 2005. Alt blir mykje dyrara om du ikkje tek det undervegs. Det er her vi håper på hjelp frå kommunen, sa nestleiaren og ba om 1,6 millionar kroner i kommunalt bidrag.

Kykja fekk i fjor eit statleg tilskot på 400 000 kroner gjennom ei tiltakspakke for kykjebygg. Desse pengane kjem i tillegg.

– Vi kan seie 1,2 eller 1,3 millionar, forskjellen er at då vil vi berre få målt den eine sida som må takast no. Det er mykje billigare totalt sett å måle heile kyrkja når vi først held på, poengterte Tveit.

Treng mellom 3,5 og 9 millionar til

Tveit presenterte også ytterlegare vedlikehaldsbehov, då hovudsakeleg innvendig, for åra som kjem.

– Det går mellom anna på det elektriske anlegget inklusive varme. Eg veit ikkje om de er klar over det, men avløpet i kyrkja er ikkje kobla på det kommunale avløpet. Det går berre rett i grunnen og er ein av tinga vi berre må gjera noko med.

– Om vi skal bruka 3,5 millionar eller 9 millioner er opp til dykk. Forskjellen er orgelet.

– Os kyrkje er 150 år i september 2020. Vi håper de vil hjelpa oss med at dette framleis skal bli eit signalbygg på Osøyro, avslutta Tveit.

Rådmannen har i sitt budsjettframlegg allereie lagt inn 1 million i 2018 og 2 millionar i 2019 på investeringsbudsjettet til opprusting av Os kyrkje i samband med 150 årsjubileet.