Næringsliv | 12. aug. 2014

– Trist, men vi strakk oss langt

Ordførar Terje Søviknes (Frp) tykkjer det er trist at Gastronomen legg ned, men er ikkje samd i at kommunen ikkje stilte opp.

– Trist, men vi strakk oss langt
Ordførar Terje Søviknes tykkjer det er trist Gastronomen legg ned (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 12. aug. 2014 11:40

Fredag i førre veke meldte Gastronomen at dei ville stengje butikken på ubestemt tid. Tysdag fortel medeigar Jon Widar Storli at det er slutt, og rettar samstundes kritikk mot korleis dei blei møtt i kommunen.

– Eg tykkjer det er veldig trist at Gastronomen legg ned.

– Men eg kjenner meg ikkje att i den kritikken Storli kjem med, seier ordførar Terje Søviknes.

– Har stilt opp

Ordføraren meiner kommunen, både administrativt og politisk har stilt opp for bedrifta.

– Allereie i februar varsla vi at dei måtte søkje om bruksendring sidan dei skulle gå frå å drive ein rein butikk til ein kombinasjon av butikk og servering.

– Hadde det vore ein rein butikk, ville ikkje kravet om bruksendring kome, men i og med at dei skifta konsept så blei dette kravet utløyst.

– I mars var administrasjonen igjen kontakt med dei, då kravet om bruksendring ikkje var følgt opp frå deira side. Adminstrasjonen stilte opp og gav råd i høve kva som måtte søkast om.

– At søknaden måtte koma frå ein ansvarleg søkjar, er noko som gjeld for alle verksemder som skifter føremål eller som skal gjera byggtekniske endringar. Det er jo for å sikra at alt blir gjort i henhold til dagens krav og reglar.

– Det er ei heilt normal prosedyre med godkjenningar etter plan- og bygningsloven, forklarar Søviknes.

– Føler vi har strekt oss langt

20. mars gav administrasjonen eit midlertidig bruksløyve, sjølv om ikkje alle dei bygningstekniske krava var oppfylt.

– Bruksløyvet blei gitt med frist til i midten av april om å få fettutskiljar på plass.

– Krav om dette er eit statleg krav til alle serveringstader og er ufravikeleg.

– Då det kom søknad om å få forlenga frist på denne installasjonen blei dette gitt.

– Administrasjonen hadde ikkje trengt å gje det, men etter ei drøfting med politisk nivå blei vi einige om å gje forlenga frist, nettopp for å hjelpa Gastronomen i oppstarten.

– Då ingenting skjedde såg ikkje administrasjonen noko anna løysing enn i juni å varsla stopp i verksemda og dagbøter til det blei ordna opp i, seier Søviknes.

Hadde trengt dei

Søviknes tykkjer det er leit av eigarne av Gastronomen no ser seg nøydd til å legga ned.

– Det er trist, fordi det er absolutt ein type butikk vi treng på Osøyro.

– Det har blant anna vore grunnen for dei politiske signala vi har sendt til administrasjonen om at vi skulle strekka oss så langt som råd er.

– Men det er umogleg for oss å stille andre krav til dei, enn vi gjer til andre serveringsstader. Difor tykkjer eg det er leit at dei freistar å skyve ansvaret over på kommunen.

– Dette er standardkrav, som alle må forholda seg til, avsluttar ordføraren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.