Lokal | 08. apr. 2014

Trøbbel på fjorden

Politiet fekk i går melding om sint ekskjærast og trøbbel utanfor Halhjem. I tillegg hadde dei laserkontroll på Thuen.

Trøbbel på fjorden
Rygerkongen fekk problem utanfor Halhjem. Her ligg søsterbåten M/S Rygercruise i Os hamn i går. (Foto: Joakim Kvernes Forstrønen)
Kari M. Lyssandtirsdag 08. apr. 2014 07:47

I 17.50-tida måndag fekk Hovedredningsentralen meldingar om ein båt som hadde fått problem utanfor Halhjem.

- Det var mannskapet på passasjerbåten M/S Rygerkongen som meldte at dei hadde fått noko i propellen, fortel politioverbetjent Audun Hadler Olsen.

M/S Rygerkongen fraktar dagleg passasjerar mellom Bergen og Rosendal, med stopp i Os hamn.

Passasjerane på Rygerkongen blei frakta i land av ein annan båt og Redningskøyta kom på staden og bistod mannskapet.

- Det var ikkje noko dramatikk, alt gjekk roleg for seg, fortel Hadler Olsen.

Sinna eks

Litt seinare på kvelden mandag fekk politiet melding om hærverk på ein bil på Lysekloster.

- Det var ei dame som var sinna på ekskjærasten sin og sparka laus spegla på bilen hans.

Det er ikkje klart om mannen kjem til å melda eksen sin.

Laser mot Lepsøy

I 23-tida stilte politiet seg opp på Thuen for å ha laserkontroll i 50-sona mot Lepsøy.

- Vi skreiv ut tre forenkla forelegg og høgaste farten blei målt til 63 km/t.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.