Lokal | 04. okt. 2010

Troll i trollgarnet?

Knut-Inge Johnsen og sonen Håkon fekk ein morosam middelhavsfangst i garnet laurdag.

Troll i trollgarnet?
Håkon med den spennande fangsten. (Foto: Knut-Inge Johnsen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 04. okt. 2010 05:59

Då Knut-Inge Johnsen og sonen Håkon drog trollgarn laurdag fekk dei noko dei ikkje har hatt i stampen før.

– Det er mogleg dette ikkje er så uvanleg lenger, men det er første gong eg har sett og fått St Petersfisk, fortel Knut-Inge.

Ifølgje Wikipedia høyrer St. Petersfisken heime i Middelhavet, men har med åra blitt noko vanlegare å sjå langs norskekysten nord til Trøndelag.

St. Petersfisk kan bli opptil 90 cm lang og 8 kg tung.

 Ved Middelhavet blir den rekna for å vera ein av dei aller beste matfiskane, sa biolog Jens Andreas Huseby ved Akvariet i Bergen til bt.no i eit intervju i 2008.

– Den er heilt rå. Når den et kjem kjevane ut av munnen, og den ser ganske snål ut. Den er også heilt flat og symjer av og til rett opp og ned, og andre gongar på sida, fortel biologen, og seier Akvariet cirka 15 gongar i året får meldingar frå folk som har fått St. Petersfisk i garnet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.