Næringsliv | 16. sep. 2016

Tropehagen pakkar saman

Dyrebutikken på Amfisenteret flyttar ut.

Tropehagen pakkar saman
Tropehagen Zoo ryddar denne veka ut av lokalet i Amfisenteret. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 16. sep. 2016 09:49

Tropehagen Zoo, som i mange år har vore ein populær butikk ved Amfisenteret, held denne veka på med å rydda seg ut av lokalet i 1. etasje.

– Vi flyttar til Stord, seier distrikssjef Charlotte Nilsen.

Ho er sjølv med og ryddar ut av lokalet.

Jobbar med å få inn ny leigetakar

– Vi fekk ikkje butikken til heilt slik vi ville etter at førre drivar gjekk ut av kjeda.

Etter seks år gjekk Monica Sagen Jensen for eit år sidan ut av kjeda. Det var kjeda som sat på leigekontrakten, så Jensen opna ny butikk i Os sentrum mens kjeda no ha drive vidare det siste året.

– Vi har hatt mange fine år med dyrebutikk i senteret. Kva som kjem inn i lokalet som no blir ledig er førebels uvisst, men det blir allereie jobba med nye potensielle leigetakarar, seier senterleiar Silje Lygre.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.