Lokal | 09. sep. 2014

Trugslar på Esso

To personar oppførte seg trugande på Esso-stasjonen. Éin av dei hadde narkotika på seg.

Trugslar på Esso
Ein mann og ei kvinne blei fjerna frå Essoen måndag kveld. (Foto: KVB)
Kari M. Lyssandtirsdag 09. sep. 2014 08:36

I 20.30-tida i går fekk politiet inn melding om to personar som var trugande i Os sentrum.

– Det var ei mann og ei kvinne med frekk og trugande framferd, fortel operasjonsleiar ved Hordaland politidistrikt, Frode Kolltveit.

Dei skal ha vore rusa. På den eine personen fann politiet også ei mindre mengde narkotika.

– Dei fekk pålegg om å koma seg vekk frå sentrum og saka blei ordna på staden, seier Kolltveit.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.