Sport | 28. nov. 2013

Trur Lysekloster rykker opp

I år trefte Betsafe blink på både Lysekloster og Os si plassering på tabellen. For 2014 spår Betsson Lysekloster opp eit hakk og Os langt nede.

Trur Lysekloster rykker opp
Lysekloster-jubel etter utlikning til 2-2 i 2013. (Foto: Henrik Mjelva)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 28. nov. 2013 11:34

Den første spådomen etter avdelingsoppsettet for 2013 var Os på 5. plass og Lysekloster på 7. plass, men seinare blei oddsen justert og Betsafe spådde Lysekloster på 2. plass (6 i odds på opprykk) og Os på 7. plass (15 i odds på opprykk).

Og Os landa på 7. plass og Lysekloster på 2. plass i årets serie.

– Lysekloster og Haugesund 2 i toppen

No har avdelinga for 2014 kome, framleis med Os og Lysekloster i same serie, og Betsson, som er først ute med odds på 3. divisjon, har stor tru på Lysekloster og lite tru på Os.

Betsson.com gjev opprykk til Lysekloster 2.85 i odds. På plassen bak følgjer Haugesund 2 til 3.40 i odds.

- Vi føler at det er desse to opprykkskampen vil handla om. Lysekloster er ein liten favoritt no, men 2. lag er alltid skumle. Haugesund 2 vil i enkelte kampar heilt klart ha det beste laget i avdelinga, men dei vil nok variera meir enn Lysekloster, esier oddssetjar Daniel Vassbund frå Betsson.com.

Betsson har plassert Os på 10. plass med heile 29 i vinnarodds.

Trioen Lyngbø, Øystese og Varegg blir rekna som opprykks-outsidarar.

SJÅ HEILE LISTA NEDST I ARTIKKELEN

– I tråd med målet vårt

Dagleg leiar i Lysekloster IL, Ørjan Sandal, er ikkje overraska over at Lysekloster er favorittar.

– Vi framsto bra i år og vi jobbar målretta for å bli endå betre i 2014, seier Sandal.

I tillegg til nysigneringar som Preben Borgen, Ramo Racic og keeper Chris Sunde Midtun, skal klubben ta inn 3-4 spelarar til.

– Nokre er på prøvespel med oss no, andre er vi i dialog med. Det blir spelarar som anten kjem frå 2. divisjon eller som har prestert godt i 3. divisjon i år.

Utanom desse får klubben tilbake fleire spelarar som rauk ut med skade og gjekk glipp av 8 til 15 kampar i haust.

Blant desse er Eirik Musland, Daniel Kalstad, Eirik Indredavik, Preben Skorpen og Mattias Høiland. I tillegg kjem Sigve Rørstad, som reiste til utlandet i haust, tilbake i mai.

Trener to gongar for dagen

– Men det viktigaste er treningshaldningane deira, at dei er innstilte på å følgja det løpet vi har lagt opp.

Sandal fortel om seks økter i veka, to per dag måndagar og torsdagar, allereie no i november.

– Vi skal trena litt meir enn før, men med endå betre kvalitet, konsentrasjon og tempo enn før.

Lysekloster sitt A-lag blir no leia av Torbjørn Birkelund og Øyvind Olsen, medan Thomas Sandal står for fysisk fostring.

Tidlegare Os-trenar Tore Nielsen har ansvar for andrelaget og for spelarutvikling på yngre lag, Arne Hitland er med vidare som koordinator og oppmann.

Vinnarodds 3. divisjon frå Betsson.com:

1. Lysekloster 2.85
2. Haugesund 2 3.40
3. Lyngbø 6.50
4. Øystese 7.00
5. Varegg 7.50
6. Vadmyra 10.00
7. Bjarg 14.00
8. Sotra 29.00
9. Fyllingsdalen 2 29.00
10. Os 29.00
11. Vard 2 35.00
12. Frøya 60.00
13. Odda 100.00
14. Smørås 125.00

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.