Kultur | 01. mai 2013

– Trur vi toppa'n i år

Årets Nor og ne-revy, som har tittelen "Bru kan flytte fjell", vil ifølgje Susan Askvik truleg bli den beste revygruppa har servert til no.

– Trur vi toppa'n i år
Bilde frå årets plakat, Bru kan flytte fjell. Susan Askvik innfelt. (Ill.: James Taylor, foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 01. mai 2013 07:13

– Eg veit det kan høyrast dumt ut å seia rett før nytt show, men eg meiner det, i år har vi ein ekstra god revy, seier Susan Askvik.

Ho er del av revygruppa på 10 som for sjette år på rad kjører revy i Nore Neset Aktivitetshus.

– Thomas Helgesen er tilbake som regissør, det var godt å sleppa den jobben. Dessutan er han veldig flink, synest Susan.

Rekord i fjor

Årets Nor og ne-revy har premiere fredag 24. mai og går som i fjor fredag og laurdag to helger på rad.

– I fjor sette vi publikumsrekord. Det var ganske fullt alle dei fire kveldane, og som vanleg var det ekstra mange den siste kvelden. Dessverre var det fleire vi ikkje hadde plass til, men vi som var der hadde det knallgøy!

Som tidlegare år er det levande musikk og pubkveld etter revyen dei to laurdagane. I år er det Sambandskameratene som speler den første laurdagen, Geir Magne Johnsen den andre.

Fjordkryssing blir raud tråd

Thomas og Susan har saman med Jan Helge Corneliussen og Guri Bugge skrive tekstane.

Den raude tråden blir ferjefri kyststamveg og bru over Bjørnafjorden. Tittelen på revyen er "Bru kan flytte fjell".

– Vi speler mykje på fjordkryssinga, men er også innom Os sentrum, der ein del butikkar får svi. At litt for mange har lest Fifty shades of grey blir også tema, røper Askvik.

Enkelte kostymer er også ekstra forseggjorte.

Kongshaug og kommunestyresalen

I tillegg til dei fire skribentane er Linda Nytræ, Sissel Kallekleiv, Anna Lindén og Oddvin Bøthun med i revygruppa.

– Og så har vi Stine Fristad Teigen, som var med oss det året vi hadde kor, med oss som skodespelar. Og Robert Haugetun er tilbake som Terje Søviknes.

– Søviknes sjølv gav godkjenning for at vi fekk filma ein snutt inne i ein tom kommunestyresal. Stakkar, han veit ikkje kva han har takka ja til, eg var nesten flau då eg spurde om lov, ler Susan.

Elevar frå Kongshaug Musikkgymnas er med både på lyd og lys og musikarar.

Tord Søfteland, som tidlegare har stått for musikken, blei opptatt med ein viss son i Oslo ...

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.