Lokal | 20. feb. 2017

Ulovleg bål og trugande mann

Politiet fekk søndag melding om ulovleg bål på Søre Neset og trugande mann på Uno X.

Ulovleg bål og trugande mann
Ein mann var trugande og ufin med tilsette i kiosken på Uno X søndag kveld. (Arkivfoto/ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 20. feb. 2017 08:18

Søndag fekk politiet melding om at ein mann brente boss på ein eigedom på Søre Neset.

– Det var snakk om mindre mengder papir, men det er berre hageavfall som er lov å brenna. Han hadde dessutan tatt seg ein spasertur mens bålet brann, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Mannen fekk ei orientering om kva som er lov å brenna og beskjed om å halda seg ved bålet viss han først skulle setja fyr på noko.

Ufin og trugande

I 21.30-tida søndag kveld fekk politiet melding om ein mann som var ufin og trugande med ein kiosktilsett ved Uno X i Byvegen ved Industrivegen.

– Han gjekk raskt frå staden, vi var aldri i dialog med vedkomande, fortel politiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.