Sport | 23. okt. 2010

Underhaldande avslutning

Os avslutta med stil, slurva litt bak, skapte store sjansar og var svært nær å unngå nedrykk.

Underhaldande avslutning
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 23. okt. 2010 12:05

Os kjempa for å halda seg i divisjonen, Nest-Sotra kjempa om 4. plassen som gjev billett til vinterturnering for dei beste 2. divisjonslaga.

Os - Nest-Sotra: 3-4 (2-1)
 
Vålerenga 2 vann 2-1 over Bærum og Lillehammer spelte uavgjort med Mo, så Os ville uansett ikkje klart seg med siger i dag.

SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN

Men det kom ei melding om 0-1 tap for Mo, så det såg ei stund ut som om Os ville klart seg med tomålssiger over Nest-Sotra i dag. Og dei var svært nær tomålssiger!

Helleviks siste
- Eg synes vi gjorde ein fantastisk kamp offensivt, spesielt i 2. omgang. Nest er også gode i angrep, men måla dei fekk i dag gav vi dei litt enkelt, seier Frank Hellevik.

Hellevik leia i dag Os for siste gong. Etter dobbelt opprykk i fjor blei det dobbelt nedrykk i år.

- Vi har ikkje noko å skulda på, vi har vore uheldige og heldige, men reiste oss etter ein svak vår og har prestert veldig bra i haust. Synd det ikkje heldt heilt inn.

Kjempa for 4. plassen
Nest-Sotra-kaptein Ruben Hetlevik er nøgd med dagens kamp, full pott og 4. plass. Med 4. plass er Vestlandets beste 2. divisjonslag kvalifisert til vinterturnering for dei beste 2. divisjonslaga i landet.

- Vi opna begge omgangane veldig bra, og hadde stort sett kontroll. Men Os var betre enn då vi tok imot dei heime så det blei ein spennande kamp, synes Hetlevik.

Kampen snudde fleire gongar
Os hamna under 0-1 etter at gjestane tre gongar på rad lurte Os-forsvaret høgt på banen. Situasjonar som ikkje var offside, men likna, gav Nest nokre farlege raid på Os-målet, eitt av dei blei målgjevande.

Men Torkel Hjertnes har utlikna og Vegard Leikvoll Moberg gav Os leiinga på straffe i god tid før pause.

I andre omgang fekk Os to i hatten, begge etter noko svakt forsvarsspel. Men så vakna heimelaget igjen, og ausa på med sjansar.

Daniel Kalstad utlikna då han kom åleine med keeper i 65. minutt.

Tapte på overtid
Nest hadde sine sjansar, men Os hadde flest og størst, og det ville ikkje vore feil med 5-3-siger og ny 2. divisjonskontrakt i dag.

Men nokre minutt på overtid blei det mål imot, eit innlegg frå sida til lengste stolpe sendte keeper Hallvard Enes litt for langt ut av buret i forsøk på fangst. I staden blei dei skåring og 3-4-tap.

Med det tar Os følgje med Sotra og Fana ned til Fyllingen og resten av 3. divisjon.

Os - Nest-Sotra: 3-4 (2-1)
Mål: Simen Ness (8. og 48.), Torkel Hjertnes (18.), Vegard Leikvoll Moberg (37. straffe), Jonny Furdal (51), Daniel Kalstad (65) og Max Bjørsvik (90.)

Os: Halvard Enes, Per Søgnen Merai, Dani Alvær Bergstø (Mats Lepsøe frå 55), Endre Brenne (Tim Henrik Sperrevik), Remi Osebakken, Vegard Leikvoll Moberg, Frode Buvik, Stian Lunde, Daniel Kalstad og Christer Olsen (Ramo Racic frå 65).
Nest-Sotra: Stian Steffensen, Ørjan Torsnes, Asgeir Aarseth, Stein Erik Strømsnes, Ruben Hetlevik, Chris René Aase, Jonny Furdal, Vegard Knudsen, Max Bjørnevik, Simen Ness og Kim Rune Hellesund.
Innbytarar med speletid: Finn Alvestad, Marcus Liavaag og Kristoffer Snekkevik.
Gule kort: Ruben Hetlevik, Ørjan Torsnes, Endre Brenne, Frode Buvik og Torkel Hjertnes.
Dagens Peppes-spelar: Torkel Hjertnes
Tilskodarar: 280

Video: Alle skåringane og nokre av dei mange sjansane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.