Elevane ved Kongshaug Musikkgymnas leverte ein varm morgonstund måndag (foto: Andris Hamre)

Ungdomar på høgt nivå

Video: Kongshaug-elevar varma næringsliv og kommunetilsette med morgonkonsert.

Av: Andris Hamre Mandag, desember 19, 2011 - 15:26

For niande gang inviterte elevane ved Kongshaug musikkgymnas næringsliv og tilsette i kommunen til førjulsmorgonkonsert i Os kyrkja. Allereie klokka 0730 sto dei morgonfriske elevane klare for å spre varm og god julestemning.

For ein omlag trekvart full kyrkje leverte dei ein konsert på svært høgt nivå med alt frå Alf Prøysen sin «Romjulsdrøm» til «Halleluja» frå Messias av Händel.

Som i fjor var dette starten på ein maratondag for elevane før dei tek velfortjent juleferie.

- Seinare i dag blir det konsert for Os ungdomsskule, Os gymnas og Os vidaregåande skule, orienterte rektor Oddvar Rotvik.

Etter konserten inviterte elevane til julefrukost i kyrkjetunet.

Sjå klipp frå konserten i videoen nedanfor (7.03, foto: Andris Hamre) eller på NRK Vestlandsrevyen.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11