Politi | 31. okt. 2023

Ungdomsmiljøet på kveldstid bekymrar politiet

Politiet skjerpar innsatsen i Os sentrum etter at ungdomar i går løpte frå politiet.

Ungdomsmiljøet på kveldstid bekymrar politiet
Arkivfoto, Kjetil Vasby Bruarøy.
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnestirsdag 31. okt. 2023 09:05

Måndag kveld om lag klokka 19 møtte ein politipatrulje nokre ungdommar ved bussterminalen i Os sentrum. Mange av dei løpte frå staden då politiet nærma seg.

Det er sterk mistanke om at ungdommane drakk alkohol.

– Foreldra til to av ungdommane vart kontakta av politiet, og dei kom for å henta ungane sine, fortel politibetjent Atle Birkeland.

Denne hendinga kjem i kjølvatnet av at politiet har merka ein auka aktivitet blant ungdom i sentrum, særleg på ettermiddag og kveld.

– Vi ser at det har vore ein del aktivitet med ungdom involvert i Os sentrum på ettermiddag og kveld den siste tida. Vi vil difor prioritera å vera til stades i området i tida som kjem, opplyser Birkeland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.