Lokal | 26. apr. 2018

Unikt samarbeid

Gir penger i klubbkassa til Os håndball og meir penger til lovpålagt undervisningsopplegg i skulen.

Unikt samarbeid
Rebecca Lerch Dahl og Tore Hisdal frå Os Håndball delte torsdag ut dei selde tulipanbukettane saman med Harald Grotle frå Os Lions (privat foto)
Andris Hamretorsdag 26. apr. 2018 16:26

Laurdag er går den årvisse «Tulipanaksjonen» i regi Lions av stabelen over heile Noreg.

– Lions i Os og Fusa kjem, som resten av klubbane i landet, til å stå på stand og selgje tulipanar. Her på Os vil vi stå forskjellige stader frå 12 til 14, fortel Frazie Lerch, ansvarleg leiar for forebyggande arbeid for barn og unge i Lions i Hordaland, Rogaland og Vest-Agder.

Fondet gjekk tomt

Dei lokale Lionsklubbane kjøper tulipanene inn frå sentralt hold. Summen dei betaler for tulipanene dekkjer innkjøpskost pluss omlag seks kroner per tulipan som blir satt inn i «Tulipanfondet».

– Tulipanfondet er Lions sitt fond for å drive undervisningsprogrammet «Mitt Valg» som vi nyttar for å arrangere kurs for barnehagar, barneskuler, ungdomsskuler, videregåande skuler, idrettslag, musikk-korps også vidare.

– I fjor haust fekk skulane eit skjerpa punkt i undervisningslova, der det blei stilt krav om at dei må ha eit opplegg for å gje barna sosial og emosjonell kompentanse, deriblant også rus, men like viktig å styrke barna sin sjølvtillit og å skape gode skulemiljø.

– Alt dette var allereie bakt inn i «Mitt valg». Plutseleg oppdaga skulene at her fekk dei ei ferdig pakke som dekkja alt loven krevde. Det gjorde at vi fekk ein enorm pågang og fondet blei tømt, forklarar Lerch.

Korleis fylle fondet oppatt

For å fylle oppatt fondet og kunne gje fleire barn og unge tilbodet måtte Lions tenkje nytt.

– Vi måtte finna ut korleis vi kunne klare å selgje fleire tulipanbukettar, slik at vi fekk fleire pengar inn i fondet.

– Kvart lokallag kan nytta delar av overskotet frå aksjonen til lokale tiltak. Her på Os har vi dei tre siste åra støtta ulike skateramper på Halhjem, Kuventræ og i Strøno.

– I år tenkte vi at om vi får med oss ein idrettsklubb, som også kunne selgje bukettane, så ville klubben tene penger og vi fekk meir til fondet.

Selde meir enn før

Lerch tok kontakt med Os Håndball og spurte om dei var interessert.

– Det var dei. Os Håndball får bukettane frå oss. Kravet var at dei måtte selgje dei for same sum, 100 kroner, som vi gjer.

– I løpet av relativt kort tid hadde handballgruppa bestilling på 611 bukettar, noko som er meir enn det vi har klart aleine tidlegare år.

– No har vi gitt 24 kartonger med bukettar til Os Håndball, så har vi i Lions tatt resten opp til 40 kartongar. Saman har vi klart å få eit fantastisk resultat med meir inn til «Mitt Valg»-programmet og kjærkome penger til klubbkassa til Os Håndball. Rett og slett ein vinn-vinn situasjon, avsluttar Franzie Lerch som håper osingar vil støtta både Os Håndball og Os Lions med å kjøpa ein tulipanbukett.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.